Gunhild Berge Stang (V): Vil statsråden sørgje for at Statens vegvesen, innanfor konseptutvikling og prosjektering for fergefri E39, opne for private aktørar og ulike teknologikonsept, slik at vi kan vere trygge på at dei beste og rimelegaste løysingane vert lagt til grunn?
Begrunnelse
I skriftleg spørsmål til statsråden 21. februar 2014 spurte representanten Sveinung Rotevatn om regjeringa vil arbeide for at private miljø i større grad vil bli engasjert i prosjekteringa av større bruprosjekt, til dømes i arbeidet med fergefri E39. I sitt svar 4. mars 2014 skreiv statsråden at «det meste av prosjekteringsarbeidet [på fergefri E39] vil bli utført i privat regi». Sidan denne lovnaden vart given, har Statens Vegesen ved ei rekke høve understreka at konseptutvikling og prosjektering for fergefri E39 skal gjerast av etaten sjølv, sist understreka av prosjektleiar Jorunn Sekse til NRK Sogn og Fjordane 6. mars 2015. Diverre ser kostnadane ved fergefri E39 ut til å auke monaleg. Det opphavelege kostnadsanslaget er allereie kraftig oppjustert. Frå fylkene som ser fram til bruavløysing, kjem det uromeldingar om at SVV sine ønskje om eiga teknologiutvikling medfører at dei rimelegaste og beste løysingane kanskje ikkje blir valde, til dømes flytande røyr-tunnelar i staden for flytebruer.