Sveinung Rotevatn (V): Meiner statsministeren det er i tråd med embetsmannseden at eit regjeringsmedlem, i rolla som partileiar, seier seg villig å bryte menneskerettane?
Begrunnelse
Finansminister Siv Jensen uttalte til TV2 i 2009 at ho «i ytterste konsekvens» er villig til å bryte menneskerettane, konkret for å setje ein borgar i forvaring. Dette synet stadfesta finansministeren overfor TV2 16. januar.
Når eit regjeringsmedlem tiltrer, må vedkomande etter Grunnlova § 21 sverge eid. Eiden finansministeren har sverga lyd som følgjer:
'Jeg, finansminister Siv Jensen, lover og sverger, å vise Konstitusjonen og Kongen lydighet og troskap, så sant hjelpe meg Gud den Allemektige og Allvitende'.
Ein del av Grunnlova («Konstitusjonen») er truskapen til internasjonale menneskerettar. Dette vert stadfesta i både §§ 2 og 92. Sistnemnde paragraf lyd som følgjer:
'Statens myndigheter skal respektere og sikre menneskerettighetene slik de er nedfelt i denne grunnlov og i for Norge bindende traktater om menneskerettigheter.'
Det finansministeren har uttalt til TV2 står i skarp kontrast til innhaldet i Grunnlova ho har sverga truskap til. På spørsmål frå representanten Audun Lysbakken i spørjetimen 28. januar uttalte finansministeren at ho i den aktuelle saka hadde uttalt seg som partileiar. Spørsmålet er då om embetsmannseiden om å vise 'Konstitusjonen [...] troskap' berre gjeld når vedkomande opptrer i embetsrolla, og om dette i det heile er mogleg å skilje når det er tale om ein partileiar som også er visestatsminister.
Eg ber statsministeren klargjere om det er i tråd med embetsmannseiden at medlemmar i regjeringa uttalar at dei er villige til å bryte menneskerettane, og dermed også den norske Grunnlova.