Skriftlig spørsmål fra Åsta Årøen (V) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:347 (2014-2015)
Innlevert: 11.12.2014
Sendt: 12.12.2014
Besvart: 17.12.2014 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne

Åsta Årøen (V)

Spørsmål

Åsta Årøen (V): Vil statsråden arbeide med å avdekke om skilnaden mellom kjønna i tildelte omsorgstenester kan ha ein betydning for yrkesaktive kvinner, til dømes, ved sjukefråvær, og korleis vil statsråden sikre seg at det er brukaren sitt behov, ikkje dei pårørande sitt kjønn, som avgjer kor mykje hjelp som blir tildelt?

Begrunnelse

Underteikna syner til at NOVA for kort tid sidan publiserte eit NOVA notat 3/14 - der det viste seg at pårørande sitt kjønn var svært avgjerande for kor mykje omsorgstenester som vart tildelt. Skilnaden var opp til to timar per veke. I undersøkinga var det funn som indikerte at dette kunne ha vesentleg betydning for kvinner si yrkesdeltaking.

Solveig Horne (FrP)

Svar

Solveig Horne: I arbeidet med svaret har eg henta innspel frå Helse- og omsorgsministeren og Arbeids- og sosialministeren.
Notat nr. 3/14 Formell og uformell omsorg. Samspillet mellom familien og velferdsstaten frå velferdsforskingsinstituttet NOVA er ein sluttrapport for prosjektet Equal opportunities and long-term care – The mediating role of the welfare state. Notatet omtalar fleire studiar som inngår i prosjektet.
Studien som undersøker om det skjer diskriminering i tildeling av heimetenester på bakgrunn av kjønn, har brukt data frå ei vignettundersøking om tildeling av heimetenester. Denne spørjeundersøkinga inneheld ei beskriving av behova til en fiktiv eldre person og spørsmål om tenestar som respondenten ville tildelt denne personen. Forfattarane av NOVA-notatet skriv at: ”Det må legges til at funnene kan være noe overestimert ettersom kasuset er oppdiktet og at virkelige tildelingsbeslutninger blir tatt på et meir detaljert grunnlag”.
Studien viser at ikkje berre kjønnet på den eldre med behov for offentlege tenester, men også kjønnet på vedkommande sitt barn, spiller en rolle for tildeling av offentleg pleie- og omsorgstenester. Som representanten Årøen viser til, skal helse- og omsorgstenestene gis etter behov, ikkje etter kven som er pårørande. Dette er et viktig prinsipp, jf. helse- og omsorgstenesteloven.
Mange pårørande ønskjer å bidra i omsorga for sine foreldre, barn eller ektefellar. Det er positivt, og da bør det leggast til rette for dette. Pårørande skal oppleve at deira bidrag verdsettes. Samtidig er det viktig å understreke at pårørande si omsorg skal være en muligheit, og ikkje ei plikt. Gjennom Pårørandeprogrammet jobbar Helse- og omsorgsdepartementet med å betre støtta til pårørande som står i krevjande omsorgsoppgåver. Dette arbeidet handlar mellom anna om å betre samspillet mellom dei kommunale omsorgstenestene og den omsorga som pårørande gir, og skal såleis sikre at pårørande kan kombinere yrkesaktivitet og omsorgsarbeid.
Rapporten frå NOVA tyder på at dei som tildeler heimetenester, behandlar menn og kvinner som pårørande ulikt. NOVA sin rapport tyder også på at forskjellane kan dreie seg om holdningar og forventningar til menns og kvinners omsorgsarbeid.
Sidan NOVA rapporten baserer seg på ikkje-reelle vedtak, er det uvisst korleis de holdningane og forventningane som avdekkast spiller inn i faktiske vedtak om tildeling av heimetenester. I reelle situasjonar tas avgjerder gjerne i fellesskap og med standardiserte verktøy. Vidare er det flere omsyn å ta når en skal vurdere behovet for heimetenester. Det kan være vanskelig å skilje kva som er holdningar og kva som er andre relevante omsyn.
Dette taler for at holdningsskapande arbeid vil være et viktig virkemiddel i arbeidet med å motvirke at kvinner som er pårørande forventes å ta på seg større omsorgsoppgåver enn menn som er pårørande. Helse- og omsorgsdepartementet vil vere oppmerksame på problemstillinga om kjønnsforskjellar i det vidare arbeid med Pårørandeprogrammet.
Helse- og omsorgsdepartementet har også et samarbeid med KS og yrkesorganisasjonane om å auke etisk bevisstheit og forståing for egne verdiar og holdningar. Over 200 kommunar deltar i prosjektet. Kjønnsdiskriminerande praksis vil være en relevant problemstilling å ta opp her.
Når det gjeld spørsmålet om sjukefråvær så gir ikkje omsorg for sjuke pårørande rett til sjukmelding. Man kan bli sjuk av belastninga, og da kan man ha rett til sjukepengar. Dette er ei skjønnsmessig vurdering der behandlar må finne at sjukdomskravet og nedsett funksjon i forhold til arbeidet er oppfylt.
Forklaringar bak kjønnsforskjellar i sjukefråværet er et tema Arbeids- og sosialdepartementet saman med partane i arbeidslivet har sett nærmare på. En rekke mulige forklaringar er trokke frem i kunnskapsoppsummeringar, men konklusjonane er at mye av kjønnsforskjellen i sjukefråværet er uforklart og at forskinga kommer til kort når det gjeld årsaker til kvinners relativt høye fråvær. Det kan ikkje utelukkast at høgare sjukefråvær blant kvinner kan ha samanheng med at dei yter meir uformell omsorg enn menn.
Som likestillingsminister er eg, i tett samarbeid med dei ansvarlege fagministra, i ferd med å utarbeide ei melding om likestilling mellom kvinner og menn, der ein rekke tema vil bli drøfta. Både kjønn og helse og likestilling i arbeidslivet vil være sentrale tema i denne meldinga.