Gerd Eli Berge (Sp): Avisa Kvinnheringen hadde 4. november ein artikkel om eit forlete blåskjelanlegg som har lege brakk i fem år i Åkrafjorden i Hordaland. Ansvarsforholdet for opprydding har avisa ikkje klart å nøsta opp i etter at tidlegare driftsselskap gjekk konkurs i 2009. Det brakke anlegget representerer både tryggleiksrisiko, avgrensing av allemannsretten i sjøen og har miljøkonsekvensar.
Kva vil statsråden gjera for å klårgjera ansvarsforholda for opprydding av slike anlegg når konsesjonshavar går konkurs?
Begrunnelse
Anlegget som er omtalt i artikkelen vart det gjeve konsesjon til før lovendring i 2007 der nye konsesjonshavarar må betala inn eit depositum.