Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:831 (2013-2014)
Innlevert: 21.05.2014
Sendt: 21.05.2014
Besvart: 02.06.2014 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Kor tid blir saka om E39 Svegatjørn-Rådal lagt fram for Stortinget, og kor tid kan me venta at anleggsarbeidet kan starta?

Begrunnelse

Då Nasjonal Transportplan vart vedteken i 2013, trudde dei fleste at stortingsvedtak på E39 Svegatjørn-Rådal var rett rundt hjørna.
Det har, av ulike årsaker vore fleire utsetjingar på dette prosjektet, og det har no vore venta at stortingsvedtak skulle koma denne våren, og at anleggsstart då kunne skje til vinteren. E39 Svegatjørn-Rådal er den nye hovudvegen mellom Os og Bergen, men det er også eit viktig prosjekt på "fastlands-E39", som vil sikra betre framkome og ikkje minst auka trafikktryggleik.
Dersom det ikkje vert stortingshandsaming før seint på hausten, er eg redd for at arbeidet ikkje kan startast opp før utpå hausten i 2015, og at prosjektet då ikkje er ferdig før i 2021. Dette ville vore svært uheldig.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa har hatt høg prioritet på framdrifta i arbeidet med E39. Det er tatt fleire traseval og det er god framdrift i planlegging mange stadar. På strekninga E39 Svegatjørn – Rådal har eg hatt tett kontakt med m.a. ordføraren i Os for å bidra til at prosjektet blir robust og bra. Det gjenstår nokre avklaringar som må på plass før Regjeringa kan leggje fram saka for Stortinget. Eg ynskjar å bidra til god framdrift i saka og skal sikra at den politiske handsaminga i departementet ikkje forsinkar saka.
Eg minnar om at for sjølve vegprosjektet ligg det føre reviderte reguleringsplanar. Desse blei godkjende i 2012. Vidare blei den eksterne kvalitetssikringa gjennomført i 2013.
Det er lokalpolitisk tilslutning til eit opplegg for delvis bompengefinansiering av prosjektet E39 Svegatjørn – Rådal. Per i dag ligg det ikkje føre fylkeskommunal garanti. Før bompengeproposisjonen blir fremma, vil Statens vegvesen ta opp spørsmålet om garanti og vilkåra for denne med Hordaland fylkeskommune.
Utbygginga av E39 Svegatjørn – Rådal vil føre til eit svært stort masseoverskot. I Os kommune er massedeponeringa avklart. Sjølv om fleire reguleringsplanar for massedeponi blei godkjende av Bergen bystyre i oktober 2013, står det att nokre avklaringar før nødvendige løyve/vedtak og avtalar ligg føre. Når desse avklaringane er på plass, må kostnadene knytt til massedeponeringa gåast gjennom før bompengeproposisjonen kan leggjast fram og prosjektet lysast ut.
Samferdselsdepartementet vil leggje fram bompengeproposisjonen så snart nødvendige avklaringar ligg føre.