Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:373 (2013-2014)
Innlevert: 11.02.2014
Sendt: 11.02.2014
Besvart: 14.02.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) åtvarar i TV2 denne veka mot spionasje i mobilnettet. I ein konkret sak knytta til selskapet Huawei, seier nestleiaren i justiskomiteen at den nye regjeringa no må rydde opp.
Er det korrekt at ansvarlege myndigheiter ikkje har vurdert den konkrete saka, og kva vil justisministeren gjere for å klargjere ansvar, styrke den førebyggande IKT-tryggleiken i mobilnettet, og følgje opp bekymringa til PST?

Begrunnelse

Justisministeren seier ifølge TV2 at det er samferdselsministeren som har ansvaret for denne saka. Samferdselsministeren seier til TV2 at han ikkje har ansvaret for dette i regjeringa og at det "Derfor er det viktig at vi fordeler ansvaret slik at det ligger der det skal ligge".
I statsråd 22. mars 2013 vart ansvaret for samordning av førebyggjande IKT-tryggleik i sivil sektor overført frå Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet til Justis- og beredskapsdepartementet, med virkning frå 1. april 2013.
Dåværande justisminister Grete Faremo uttala 29. november 2012 i Stortinget i ein interpellasjon frå Anders Werp knytta til leveranse av sentrale komponenter til vår kritiske infrastruktur, mobilnettet, at:

"Påstanden fra representanten om at norske myndigheter ikke har vurdert Huaweis leveranser i henhold til sikkerhetslov eller ekomlov, medfører ikke riktighet".

Høyre sin justispolitiske talsperson Anders Werp hevder likevel at den førre regjeringa ikkje gjorde jobben sin.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Det nasjonale arbeidet innan samfunnstryggleik og beredskap er basert på prinsippa om ansvar, nærleik, likskap og samvirke. Kvar statsråd har ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innan sin sektor. Dette følgjer uttrykkjeleg av Kongelig resolusjon av 15. juni 2012, Instruks for departementets arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, tilsynsfunksjon og sentral krisehåndtering, der det på side 5 heiter at: «Det er det ordinære ministeransvaret som ligger til grunn for samfunnssikkerhetssarbeidet (…)». Det heiter vidare i instruksen, på side 13, at departementa «på grunnlag av oversikt over risiko- og sårbarhet i egen sektor (…) [skal] vurdere og iverksette forebyggende og beredskapsmessige tiltak».
Samferdselsdepartementet har ansvar for sikkerheit i ekomsektoren. Post- og teletilsynet fører tilsyn med tryggleiken i dei norske ekomnetta etter ekomloven, og følgjer blant anna opp implementering av konkrete tryggleikstiltak hos tilbydarane.
I nasjonal strategi for informasjonssikkerheit frå 2012 er det slått fast at IKT-sikkerheit først og fremst er den einskilde verksemda sitt ansvar, og at fagdepartementa blant anna har eit overordna ansvar for å ivareta sikkerheita i IKT-infrastruktur i sektoren.
Under den førre regjeringa (Stoltenberg II) inngjekk Telenor avtale med det aktuelle selskapet i november 2009. Som det går fram av interpellasjonen i Stortinget holdt 29. november 2012, av dåverande justisminister Faremo, hadde Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) og Politiets sikkerhetstjeneste (PST) dialog med Telenor i desember 2009. Vidare vart det i denne samanheng uttrykt otte knytt til ulike aspekt ved tryggleiken i mobilnettverket, og at Telenor har ei sjølvstendig plikt til å gjere nødvendige risikovurderingar knytt til avtaleinngåing med utanlandske leverandørar av varer og tenester til sin kritiske infrastruktur.
Slik eg har forstått det, vart det i arbeidet med oppfylging i denne saka, under Stoltenberg II-regjeringa, avdekka at gjeldande regelverk, lov 20. mars 1998 om førebyggjande sikkerhetstjeneste (sikkerhetsloven) og ekomloven, ikkje inneheld det rettslege handlingsrommet til å stille nærmare krav til slike anskaffingar, eller i yttarste konsekvens, til å avvise den einskilde tilbydar, dersom det er påkrevd av omsyn til sjølstende og tryggleik i riket.
Som justis- og beredskapsminister er eg særskild oppteken av korleis vi kan handsame denne type problemstillingar slik at nødvendig omsyn til sikkerheit vert ivaretatt. For å sikre god informasjonsutveksling mellom ekomtilbydere, tryggleiksmyndigheiter og ekommyndigheiter har Samferdselsdepartementet, Forsvarsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet saman lagt til rette for at det vert gjennomført jamlegge møter der tryggleikstenestene i samarbeid med Post- og teletilsynet utveksler informasjon mellom myndigheitene og ekomtilbydarane om trusselbildet og om planer og tiltak for å sikre nett og tenester.
Eg har forsikra meg om at denne problemstillinga blir vurdert særskilt i arbeidet med endring av sikkerheitslova, for å få på plass det nødvendige rettslege rammeverket.
Arbeidet vert leia av Forsvarsdepartementet, der også Justis- og beredskapsdepartementet deltar. Eg er kjend med at Forsvarsdepartementet planlegg å sende forslag til endringar i sikkerheitslova på høyring våren 2014.
Dette er ein viktig sak eg vil følgje tett framover.