Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til kommunal- og moderniseringsministeren

Dokument nr. 15:362 (2013-2014)
Innlevert: 06.02.2014
Sendt: 07.02.2014
Besvart: 13.02.2014 av kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis vil regjeringa følgje opp evalueringa av forsøksordninga med stemmerett for 16- og 17-åringar?

Begrunnelse

Ved lokalvalet i 2011 fekk 20 kommunar vere med i eit prøveprosjekt der stemmerettsalderen vart senkja til 16 år. Forsøket vart evaluert av Institutt for samfunnsforskning, som leverte sin rapport i januar. Eit av mange positive resultat av forsøket var at heile 58 prosent av forsøkspersonane nytta stemmeretten sin. Dette er monaleg høgare enn valdeltakinga for vanlege førstegongsveljarar (18-21), som har ei deltaking på rundt 46 prosent.
Venstre meiner resultata av forsøket har vist at det slett ikkje er farleg å la 16- og 17-åringar delta i demokratiet vårt, og meiner evalueringa gir god grunn til å gå vidare i retning ei senkjing av stemmerettsalderen. Spørsmålet er korleis regjeringa vil følgje opp evalueringa og resultata frå forsøksprosjektet i 2011. Etter Venstres syn bør ein no gå vidare med ei generell senjking av stemmerettsalderen, noko Stortinget får høve til å ta stilling til i samband med handsaminga av grunnlovsframlegg seinare i denne stortingsperioden. I alle tilfelle håpar vi regjeringa vil vidareføre det vellukka forsøksprosjektet også ved lokalvalet i 2015 for å hauste ytterlegare røynsler.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: I 2011 deltok 20 kommunar i eit forsøk med nedsett stemmerettsalder til 16 år. Forsøket vekte allmenn stor interesse. I kommunane som deltok var det eit stort engasjement og mange kommunar gjorde eit godt arbeid for å mobilisere dei unge til å gå til valurnene. Resultatet blei at valdeltaking blant 16- og 17-åringane låg godt over valdeltakinga blant yngre veljarar elles.
Evalueringa viser også at nedsett stemmerettsalder ikkje nødvendigvis fører til auka politisk modning blant unge veljarar. Dessutan viser tal frå Stortingsvalet i 2013 at valdeltakinga i den gruppa som fekk stemme som 16- og 17-åringar ved valet i 2011, motsett av det som var forventa, ikkje nytta stemmeretten sin ved Stortingsvalet i større grad enn andre førstegongsveljarar.
Eg vil også peike på at begge dei to regjeringspartia meinar at stemmerettsalderen bør følgje myndigheitsalderen som er på 18 år.
Det er på denne bakgrunn i denne omgang ikkje grunnlag for ein generell reform dvs. å lovfeste ein stemmerettsalder på 16 år.
Sidan evalueringa ikkje gir eit meir eintydig svar på kva ein kan oppnå med nedsett stemmerettsalder, er det aktuelt med ei vidareføring med forsøk. Eg har også merka meg engasjementet frå fleire parti i saka, deriblant Venstre. Departementet tek derfor sikte på å vidareføre forsøksordninga med nedsett stemmerettsalder ved kommunevalet i 2015 og vil kome tilbake med opplegg for gjennomføringa av forsøket.