Skriftlig spørsmål fra Oskar J. Grimstad (FrP) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:310 (2013-2014)
Innlevert: 28.01.2014
Sendt: 28.01.2014
Besvart: 31.01.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Oskar J. Grimstad (FrP)

Spørsmål

Oskar J. Grimstad (FrP): Kva vil statsråden gjere for å sikre at årets selfangst blir mest mogleg problemfri for utøvarar og omsetningsledd?

Begrunnelse

Årets selfangst nærmar seg og det er fortsatt slik at det må offentlige tilskot til for å få på plass ishavskuter for å oppnå ønska selfangst. Gjennom fleire føregåande år har det vist seg vanskelig å få på plass rammeverket rundt støtta i tide slik at utøvarane har nødvendig oversikt for å vurdere om ein skal delta på selfangsten. Vidare har det vore strid rundt omsetning av selprodukta og manglande konkurranse om produkta når skutene kjem tilbake etter fangsten. Totalt sett svekker dette denne tradisjonelle næringa og færre og færre deltek som konsekvens av dette.

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Selfangst har lange tradisjonar og er ein del av Noreg si økosystemforvaltning. Eg veit at næringa har store utfordringa med lønnsemda i dag. Samtidig har produkt frå sel eit uutnytta potensial.
Skiftande regjeringar har gjennom dei siste tiåra gitt betydelege tilskot til norsk selfangst. Støtta har gått til drift av mottak, fartøystøtte, produkt og marknadsutvikling. Likevel har næringa framleis store utfordringar.
Det viktigaste for denne regjeringa er også i det vidare å leggje til rette for ei god forvalting av norsk selnæring gjennom stabile og gode rammevilkår, gjennom berekraftige kvotar og målretta støtteordningar som fremjar næringa sine langsiktige interesser.
Det er likevel næringa sjølv som må stå for planlegging og gjennomføring av selfangsten innanfor dei overordna rammene som vi fastset. Vår bodskap er at næringa i fellesskap, det vil seie fartøy- og landsida, må samle seg om ei retning som dei ønskjer å utvikle næringa i.
Vi har sett av 12 mill. kroner til avvikling av selfangsten i 2014. Vilkåra for årets fangstsesong vil snarleg vere på plass. Næringsaktørane både på fartøy og mottakssida har vore involverte i prosessen, og har både skriftleg og i møte med departementet kome med innspel til korleis ein kan skape godt næringsgrunnlag og innovasjon.