Mette Hanekamhaug (FrP): Hva vil statsråden foreta seg for at flere skoler skal åpne for y-veien for helsefagarbeidere som ønsker å utdanne seg til sykepleiere?
Begrunnelse
I Stortingsmelding nr. 13 "Utdanning for Velferd" tas det til orde for at y-veien skal være en inngang til helsefagstudiet:
«For å gjere helse- og sosialfagleg utdanning meir freistande vil regjeringa leggje til rette for at slik utdanning kan gi grunnlag for opptak til høgare utdanning gjennom den såkalla Y-vegen (tilrettelagd ordning for studentar med relevant fagutdanning). Regjeringa vil stimulere til å få prøvd ut avgrensa ordningar der helsefagarbeidarar kan få opptak til sjukepleiar- og vernepleiarutdanning, og tilsvarande barne- og ungdomsarbeidarar opptak til barnevernspedagog- og førskolelærarutdanning. Ingeniørutdanninga har gode røynsler med Y-vegen.
Komiteen ser det som positivt at det vert opna for å prøve ut nye Y-vegar og at søkjarar med relevant fagutdanning kan takast opp ved beslekta fag innafor høgare utdanning, basert på klart definerte kompetansekrav. Dette gjeld både helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Slik vidareutvikling av Y-vegen synest forsvarleg, ut frå dei gode erfaringane med Y-vegen inn i ingeniørutdanninga.»