Skriftlig spørsmål fra Elisabeth Vik Aspaker (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1447 (2012-2013)
Innlevert: 10.06.2013
Sendt: 10.06.2013
Besvart: 17.06.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Spørsmål

Elisabeth Vik Aspaker (H): Jeg viser til spørretimen 28.11.2012 der undertegnede stilte spørsmål vedr. forskjellsbehandling ved tildeling av nasjonalparkforvalterressurs til Reisa nasjonalpark. Etter at saken ble tatt opp i spørretimen er det avholdt møte i Miljøverndepartementet med representanter fra Reisa nasjonalparkstyre. Det er en realitet at nyere og mindre nasjonalparker enn Reisa har fått 100 pst. forvalter, mens Reisa må dele med landskapsvernområder i Kvænangen.
Hva er status for forvalterressurs for Reisa nasjonalpark?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Innan utgongen av 2013 vil det vere etablert nasjonalpark-/verneområdestyre for alle nasjonalparkane og dei større landskapsvernområda, jf. Prop. 1 S (2009-2010) Miljøverndepartementet. Totalt vil det då vere etablert 42-43 styrer som alle har eit sekretariat med ansvar for saksførebuing m.m. Det har skjedd eit formidabelt løft når det gjeld ressursar til forvaltning av våre nasjonale naturperler, men til tross for det har det ikkje vore rom for å tilsette ein forvaltar for alle nasjonalpark-/verneområdestyra. Ut frå eksisterande ressursar, vil det når alle forvaltarane er på plass i 2013, vere seks forvaltarar som har sekretariatsansvar for to nasjonalpark-/verneområdestyre. Departementet vil på bakgrunn av erfaringar med forvaltninga i dei einskilde verneområda vurdere om det eventuelt er behov for å auke ressursane til forvaltning. Dette vil skje når forvaltningsmodellen er implementert.