Skriftlig spørsmål fra Roald Aga Haug (A) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:879 (2012-2013)
Innlevert: 21.02.2013
Sendt: 22.02.2013
Besvart: 05.03.2013 av helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre

Roald Aga Haug (A)

Spørsmål

Roald Aga Haug (A): Kva syn har Statsråden på kartleggingsverktyet Brukarplan sine funn, der tradisjonelle industrikommunar og mindre kommunar med nedgang i folketalet har størst rusprevalens, og koreis kan Statsråden sjå at desse funna kan koplast til større satsingar tiltaks og forskingsmessig i belasta kommunar som Sauda og Odda, frå myndigheitene og helseføretaka si side?

Begrunnelse

Industrisamfunna Sauda og Odda har gjennom dei siste åra gjort gode satsingar på rusfeltet. Vidare har nye tiltak og fleire tilsette medført historiske positive forbetringar i arbeidet med rusproblematikken lokalt. Særleg i 2012 etter målretta satsing ser ein klar nedgang i antall registrerte med rusproblematikk i Brukarplan. Kommunane ligg likevel på toppen av statistikken knytt til omfang av rusproblematikk. Større byar ligg langt lågare. Kartlegginga er rekna å vera representativ. Dersom rusproblematikk er eitt storbyproblem slik det tidvis vert hevda, må det dermed vera eitt problem som ikkje er kjent i dei kommunale tenestene. Og ikkje dokumentert i kartlegginga. Brukarplanverktyet vert nytta av 49 kommunar i Noreg. Verktyet er tilgjengeleg for alle landets kommunar. På brukarplankonferansen på Gardermoen i 2012 opplyste representanten frå Helsedirektoratet at Brukarplan var det beste verktyet for måling av rusførekomst vi har. I Helse Fonna er ei rekke kommunar med i kartleggingane. Kommunane Odda og Sauda har over fleire år hatt klart høgast rusprevalens i registreringane. T.d. hadde Odda dobbel så høg prevalens som Haugesund kommune i 2011 (2,39 % mot 1,20 %). Stavanger, Sandnes og Bydel Østensjø med klart lågare prevalens enn Haugesund. I 2012 ligg framleis Odda på topp (2,03 %) sjølv om mykje positivt har skjedd. Kommunane har nytt godt av "Rusløftet." Blitt tilkjent prosjektstillingar frå Helsedirektoratet 2009-2012 (Odda) og no implementert stillingar og arbeid i kommunal drift. Rusproblematikken for personane i statistikken er like tung og alvorleg i små kommunar som store bykommunar. Tradisjonelle industrisamfunn som Sauda og Odda burde fagleg sett vera interessante å forska nærare på i ljos av desse tala. Samt frå spesialisthelsetenesta prøva ut vesentlege tiltak for å handtera dei ekstraordinære resultata i Brukarplan. Sauda fekk i 2006 stor merksemd for å scora høgast på prevalens i brukarplanstatistikken. Odda fekk stor mediamerksemd i 2009 over å ha klart størst rusproblematikk i høve folketal. Samt at kommunane hadde svært tung problematikk og nyttegjorde seg lite av tiltak i spesialisthelsetenesta. Sidan 2009 har store ressursar blitt brukt på å bygga opp kommunale tiltak i Odda. Tiltak i spesialisthelsetenesta som t.d. LAR er no langt meir brukt. Samt at kommunen har auka aktivitetstiltak, bustadsosial oppfølging og heilskapleg oppfølging vesentleg. Samstundes er innsatsen frå Helseføretaket og spesialisthelsetenesta redusert i Odda i same periode. Blant anna ved at 7 døgnspost er redusert til 5 døgnspost og nedgang i antall tilsette i Odda. Reiseavstand er alternativt til Haugesund, 2 timar med bil. Samstundes er antall statlege stillingar i NAV redusert sterkt same perioden. No står også reduksjonar ved Valen Sjukehus i fare for å skapa ei langt dårlegare dekning av Hardanger og Odda innan rus og psykiatri. Med bakgrunn i funna kunne det vera fagleg interessant, så vel som av helseomsyn, og gjennomføra ei særleg satsing på bearbeiding og vidare forsking i dei spesifikke rusmiddelfunna i samfunna Sauda og Odda. Gjerne gjennom eigne spesifikke prosjekt eller fellesprosjekt i desse industrisamfunna. Som på grunn av statusen bør kunna gje ny kunnskap på rusfeltet. Samt overføringsverdi nasjonalt sett. Då båe samfunna mellom anna er prega av stor gjennomsiktigheit vil det truleg vera lettare enn dei fleste stader, å forska heilskapleg på rusproblematikk der. Ved å fokusera på nye tiltak i dei samfunna som nasjonalt har størst rusproblematikk i høve folketal, bør ein ha dei beste føresetnader for finna tiltak som virkar og som har overføringsverdi nasjonalt.

Jonas Gahr Støre (A)

Svar

Jonas Gahr Støre: Representanten viser til funn frå kartleggingsverktøyet Brukarplan som viser at rusprevalens er størst i tradisjonelle industrikommunar og i mindre kommunar med nedgang i folketalet. Dette er funn som utfordrar førestillinga om at rusproblem er størst i dei store byane. Samtidig må vi erkjenne at storbyane har særskilde utfordringar knytta til rusproblem, medrekna opne russcener, som i mindre grad er synleg i mindre kommunar.
Brukarplan er utviklet av Helse Fonna, IRIS og KORFOR og er et verktøy for kommunar som ønskjer å kartlegge omfang og karakteren av rusmiddelmisbruk i kommunen. Erfaringane frå kommunane i Helse Fonna og andre kommunar som har brukt Brukarplan er svært positive. Funna viser mellom anna at kommunane gjennom kartlegging i større grad klarer å målrette innsatsen sin overfor personar med rusproblem. At kommunane nyttar seg av Brukarplan er også svært nyttig for spesialisthelsetenesta i arbeidet med kvalitetssikring.
Representanten spør om funna kan koplast til større satsingar og forsking i belasta kommunar som Sauda og Odda, frå styremaktene og helseføretaka si side.
Fyst, vil eg si at det er kommunane og helseføretaka si oppgåve å sørgje for at innbyggjarane har tilgang til nødvendige tenester i regionen sin. Eg som helse- og omsorgsminister kan ikkje avgjere nasjonalt at til dømes Odda kommune skal følgje opp resultat av kartleggingar på ein viss måte. Det er kommunane som veit kvar skoen trykkjer. Regjeringa si rolle vil vere å støtte kommunen sitt arbeid gjennom nasjonalt regelverk og kunnskapsstøtte gjennom tilskot eller rettleiingsmateriale.
Nasjonale statistikkilder som KOSTRA og IPLOS gir i dag svært lite informasjon om dei ulike tenestene som vert ytt til personar med rusproblem. Det vert arbeida med fleire tiltak for å betre rapporteringa. I tillegg veit vi at få norske kommunar har gjennomført kartleggingar av omfang av rusproblem. Samstundes veit vi at god oversikt over rusmiddelsituasjonen og tenestebehova er avgjerande for å kunne utvikle og dimensjonere tenestetilbodet. Kartleggingsverktøy som Brukarplan kan hjelpe til med å finne ut kva folk i den einskilde kommune treng og bidra til å dimensjonere tenestene rett.
Regjeringa vil støtte kommunen sitt arbeid på området, og har bedt Helsedirektoratet om å sørge for at alle kommunar skal få tilbod om å kartlegge med Brukarplan i 2013.
Helsedirektoratet har inngått ei treårig kontrakt med Helse Stavanger HF om Brukarplan. Avtalen inne-ber at alle kommunar skal få tilbod om å kartleggje med Brukarplan i løpet av 2013. Det same tilbodet får kommunane i 2014 og 2015. I løpet av denne perioden reknar ein med at dei fleste kommunane vil ha kartlagt rusmiddelproblemet sitt ved hjelp av Brukarplan.
Eg vil ha auka merksemd på kvalitet og konsentrere innsatsen om det som vi veit verkar. Då treng vi meir forsking, og eg ser med velvilje på studier som tek utgangspunkt i rusproblem i område med høg prevalens. Stortinget løyver kvart år midlar til helse- og omsorgsforsking gjennom statsbudsjettet. Dette vert gjort både gjennom øyremerking av forskingsmidlar til dei regionale helseføretaka, og gjennom Norsk forskingsråd. I statsbudsjettet for 2013 blir det øyremerkt vel 30 mill. kroner til rusmiddelforsking gjennom Forskningsrådet. I denne samanheng er det viktig å understreke at eg ikkje skal eller kan påverke kva konkrete prosjekt som skal tildelast midlar.