Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:783 (2012-2013)
Innlevert: 07.02.2013
Sendt: 08.02.2013
Rette vedkommende: Kommunal- og regionalministeren
Besvart: 14.02.2013 av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): På ferjestrekninga Daløy-Haldorsneset har det vore prøveperiode med gratisferje. Prøveperioden vert avslutta 1. april 2013, og då skal ordninga med gratisferje evaluerast. Etter det eg kjenner til har det berre vore positive signal av ordninga med gratisferje i prøveperioden, noko som etter mitt syn burde medføre vidareføring med fast ordning av gratisferje på denne strekninga.
Vil statsråden forlenge prøveperioden til etter at evalueringa er gjennomført?

Begrunnelse

Eg meiner sidan Solund kommune er ei kommune med marginal utvikling og fare for minkande folketalsutvikling, er tilbodet med gratisferje innand i kommunen stimulerande for nærings- og folketalsutvikling.
Solund kommune er eit øysamfunn med dårleg infrastruktur, som gjer at næringslivet på øyane får store transportkostnadar.
Senterpartiet, på same måten som vi i FrP, har vore ein pådrivar for å få til ein prøveperiode med gratisferje. Derfor meiner eg at prøveordninga slik eg foreslår i spørsmålet mitt vert vidareført og den regionale utviklinga vert teke omsyn til i evalueringa.
Eg fryktar at når prøveordninga no vert avslutta før evalueringa er ferdig, vil det bety at hensikta er å ta bort ordninga permanent, noko som vil verte svært uheldig for Solund-samfunnet.

Liv Signe Navarsete (Sp)

Svar

Liv Signe Navarsete: Forsøket med gratisferje omfattar i tillegg til nemnde samband også strekninga Bjarkøy-Sandsøy-Grytøy. Desse to strekningane er valde som eksempel på små ferjeruter. Det treårige forsøket varar til 1. april 2013. Gratisferjeforsøket er ein tidsavgrensa ordning som har hatt til formål å framskaffe kunnskap om effektar av gratisferjer for lokalsamfunn.
Før ei eventuell avgjerd om vidareføring må forsøket evaluerast. Evalueringa vil gi meir kunnskap om verknaden av gratisferjene for innbyggjarar og næringsliv. På grunnlag av slik kunnskap er det dei ansvarlege samferdslestyresmaktene som må ta ei avgjerd om eventuell vidareføring av ordninga med gratisferjer.