Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:549 (2012-2013)
Innlevert: 19.12.2012
Sendt: 20.12.2012
Besvart: 08.01.2013 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Regjeringen hevder det ikke er en god ide for regjeringen å kutte CO2-utslipp ved å slette CO2-kvoter. Regjeringen selger i stedet kvotene.
Hvilke utslippskutt vil regjeringen finansiere med pengene man tjener på salget av kvoter, og tror regjeringen man vil kunne oppnå større utslippskutt over tid ved at man selger kvoter nå og investerer inntektene i FoU på teknologi som i fremtiden kan generere lavere CO2-utslipp?

Begrunnelse

Regjeringen har tidligere oppfordret flyreisene til å kjøpe og slette klimakvoter for å bidra til CO2-kutt. Samtidig velger regjeringen å selge sine egne overskuddskvoter.

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Regjeringa støttar sletting av eit større tal kvotar i denne fasen av EUs kvotesystem (2013-2020). I åra 2008-2012 har Noreg valt å selje alle kvotar som ikkje vert tildelt vederlagsfritt. Nokon meiner at vi burde ha sletta kvotane framfor å selje dei. Men regjeringa har vore opptatt av at ein stor del av kvotane skal seljast, framfor at dei vert tildelt vederlagsfritt. Vidare har Noreg den strammaste kvotemengda i systemet i åra 2008-2012. Sletting av fleire kvotar ville ha ført til at kvotemengda vart enda mindre, og til at Noreg ville ha overoppfylt Kyotoprotokollen enda meir utover dei 10 prosentpoenga vi allereie skal overoppfylle. Frå 2013 vert EUs kvotesystem harmonisert. Noreg står dermed ikkje lenger fritt til å bestemme kor mange kvotar som skal seljast.
Inntektene frå sal av kvotar går inn i statsbudsjettet. Slik kan bruken av midla prioriterast opp mot andre gode formål i budsjettet. Det er i budsjettet for 2013 mellom anna sett av 10 mrd. kroner til eit nytt fond for klima, fornybar energi og energiomlegging. Avkastninga frå fondet vil verte brukt til å gjennomføre ei klima- og teknologisatsing med mål om å redusere klimagassutslepp og gje varig energisparing i industrien. Satsinga vil bli følgt opp med ytterlegare løyvingar i budsjetta framover.