Camilla Storøy Hermansen (KrF): Kva gjer statsråden for å auke kunnskapen om rusforebyggjande arbeid i vidaregåande skular?
Begrunnelse
Kompetansesenter Rus Midt-Norge gjorde i samarbeid med Møre og Romsdal fylke ein spørjeundersøking i fjor haust, der alle vidaregåande skular i fylket skulle svare på spørsmål relatert til rusmiddelvanar blant elevar.
På spørsmål om skulen trengte meir kunnskap og metodar om rusførebygjande arbeid svarte 14 av 17 skular at dei trengte meir kunnskap. På spørsmål om skulen sine tilsette trengte meir kunnskap for å oppdage elevar som har eit rusproblem svarte 11 av 17 skular at dei trengte meir kunnskap.
Skulesjefen i Møre og Romsdal, Sverre Holm, seier at det for mange skular kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal handtere ein rusavhengig elev på ein god måte, og at det er tydeleg at det trengs felles rettleiarar for korleis ein skal gå fram.