Åge Starheim (FrP): Har statsråden godkjent sal av sjuhusbygget i Florø og nedlegging av Florø sjukehus?
Begrunnelse
Ein er gjennom media blitt kjend med at det er dialog med tanke på eit sal av bygningsmassen til Florø sjukehus frå Helse Førde til Flora kommune. Det er også vist til ein intensjonsavtale mellom dei to partane der Helse Førde forpliktar seg til å lokalisere enkelte tenester i kommunen som motyting for at kommunen overtek bygningsmassen.
Det vert også vist til at Helse Førde skal flytte sin aktivitet ut av sjukehuset i Florø, og finne andre lokalitetar i kommunen for dei tenestene dei eventuelt vil oppretthalde.
Totalt sett betyr dette at Helse Førde flyttar spesialisthelsetenestene ut av sjukehuset, i tillegg til at ein sel bygningen til Flora kommune. Florø sjukehus er då, på tross av lovnader frå regjeringspartia i Soria Moria, pr. definisjon nedlagt.
Helse Førde opplyser også til NRK at dei har vald å "ikkje vidareføre" dagens kirurgiske poliklinikk, på tross av vedtak frå Helseministeren i 2008 om at denne skulle vidareførast.