Skriftlig spørsmål fra Peter Skovholt Gitmark (H) til miljøvernministeren

Dokument nr. 15:1432 (2011-2012)
Innlevert: 22.05.2012
Sendt: 23.05.2012
Besvart: 31.05.2012 av miljøvernminister Bård Vegar Solhjell

Peter Skovholt Gitmark (H)

Spørsmål

Peter Skovholt Gitmark (H): Hvordan organiseres styringen av klima- og skogprosjektet?

Bård Vegar Solhjell (SV)

Svar

Bård Vegar Solhjell: Miljøverndepartementet ved klima- og skogprosjektet har det overordna prosjektansvaret. Dette inkluderer ansvaret for prosjektets strategi og porteføljeutvikling, den politiske behandlinga av prosjektet i Regjering og Storting, dialog med samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt, samt representasjon og informasjonsverksemd knytta til prosjektet. Miljøverndepartementet har og ansvaret for dei miljøpolitiske og miljøfaglige sidene ved prosjektet. Utanriksdepartementet har ansvaret for løyvingar og har med støtte frå utestasjonane og Norad og ansvaret for dei utanrikspolitiske, utviklingsmessige og forvaltningsmessige sidene ved prosjektet.
Alle større satsingar i regi av klima og skogprosjektet er forankra gjennom regjeringsbehandling og deretter lagt fram for Stortinget.
Utviklingsministeren og eg vurderer nå om overgangen frå ein felles miljø- og utviklingsminister etter statsrådsskiftet i mars bør følgjast av visse organisatoriske tilpassingar. Stortinget vil i så fall bli underretta på egna vis.