Åge Starheim (FrP): Av prosjektmidlane som er tildelt lokalsjukehuset på Nordfjordeid gjennom Helse Vest for å etablere "Framtidas lokalsjukehus" er det avsett 25 mill. kr. for å få ein rask oppstart på rusposten på Nordfjordeid. Det er utarbeidd ein såkalla "Nordfjordmodell" for rusposten, som fagleg sett er betegna som framtidsretta.
Vil statsråden syte for at rusposten vert oppstarta etter "Nordfjordmodellen", då dette går inn som ein del av "Framtidas lokalsjukehus", der ein skal behandle pasientar i nærmiljøet?
Begrunnelse
Rusposten på Nordfjordeid vart beslutta oppretta for to år sidan, som statsråden er kjend med. Rusposten er endå ikkje starta opp.
Rusposten har blitt ein salderingspost i Helse Førde-systemet, og har vore ein av årsakene til eit dårleg klima mellom fagfolk og politikarar frå Nordfjord på eine sida, og leiinga i Helse Førde på andre sida.
No registrerar vi at prosjektet "Framtidas lokalsjukehus" på Nordfjordeid har skapt optimisme i regionen. Det er derfor trist å registrere at leiinga i Helse Førde ofte går til omkamp på faglege og politiske ønskje frå regionen.
For å belyse nærmare dette vil eg referere til kva adm. dir. i Helse Førde sa på sitt besøk på kommunestyremøte i Eid kommune, at lokalsjukehuset på Nordfjordeid skulle ha eit fullverdig anestesitilbod var ikkje etter hans og Helse Førde sitt ønskje.
Eg registrerar no at politikarar og fagpersonar i Nordfjord er svært opptekne av å få til eit godt samhandlingstilbod, saman med helseføretaket.
Eg registrerar at det frå helseføretaket ofte kjem omkampar og negativ uttalelsar, som skapar usikkerheit om Helse Førde sin verkeleg vilje til å satse på eit framtidsretta lokalsjukehus på Nordfjordeid, slik som pilotprosjektet "Framtidas lokalsjukehus" ønskjer å få til.