Sigvald Oppebøen Hansen (A): I forbindelse med konsesjonsbehandling for Tokke-Vinje vassdraget, blei det i Tokke pålagt å bygge veganlegg (konsesjonsvegar). Konsesjonsvegane skulle gjere det mogleg å drive heilårsverksemd i Botnedalen.
Når kan ålmenta forvente å kunne nytte seg av heilårsvegane, kostnadsfritt, i høve til Stortingets vedtak og konsesjons-/reguleringsbestemmelsane?
Begrunnelse
Det kan sjå ut som at det kan vere grunnlag for å hevde at vegane ikkje blir drivne i henhald til konsesjonsbestemmelsane.
Etter komitebehandling (26.01.1968) og kgl.res (05.04.1968) blei reguleringsbestemmelsane pkt. 6 slik:
"Reguleringsanleggennes eier er forpliktet til å erstatte utgifter til vedlikehold og istandsettelse av offentlige veger, bruer og kaier, hvor disse utgifter blir særlig økt ved anleggsarbeid. I tvilstilfelle avgjøres spørsmålet om hvorvidt vilkårene for refusjonsplikten er til stede, samt erstatningens størrelse, ved skjønn på Tokke kraftanleggs bekostning. Veger, bruer og kaier som anleggenes eier bygger, skal stilles til fri avbenyttelse for almenheten, for så vidt departementet finner at dette kan skje uten vesentlige ulemper for anleggene.
De stedlige myndigheter skal taes med på råd ved valg av trase for de forskjellige anleggsveger.
Reguleringsanleggenes eier plikter å la bygge følgende skogsbilveger av kl. III:
1. Veg fra Lofthus (filtertaket) til Hovundåi med bru.
2. Veg fra Kilerova til grensen mellom Edvart Vadder og Lars Seltveit."
Som det framgår, skal konsesjonsvegane halde skogsbilveg kl. III standard. Dvs at konsesjonseigaren er pålagt som konsesjonsvilkår å bygge og drifte heilårs skogsbilveg for fri bruk for ålmenta. For å kome frå kommunal veg til desse konsesjonsvegane, er einaste mulegheit å køyre på konsesjonærens anleggsveg. Stortinget kunne ikkje vite kva slags standard utbyggar hadde behov for på anleggsvegen, men det er rimeleg å tru at ein har føresett ein standard som er minst like god som konsesjonsvegane. Utan slike krav til standard, vil ålmenta ikkje kunne nytte konsesjonsvegane til det dei er pålagt konstruert for/til og Stortingets pålegg om skogsbilveg kl. III vil då framstå som meiningslaust.
Då Stortinget gjekk imot innstillinga frå departement/NVE og kom i møte kravet om veganlegg med slik standard, var det for å sikre ålmenta kostnadsfri tilgang til veg med veldefinert og god standard. Ved å pålegge skogsbilveg kl. III, sørga Stortinget for at vegane i dalen måtte følgje framtidig utvikling i vegstandarden.
På grunn av anleggsvegane sin tilstand, er den nå ueigna som tilførselsveg til konsesjonsvegane, som konsesjonæren skal halde opne heile året (skogsbilveg kl. III).