Erling Sande (Sp): Gjennom 2011 vart ei rekke av landet sine skattekontor nedlagt, og i 2012 er det planlagt ytterligare sentralisering av skatteetaten. Sjølv om dei lokale kontora forsvinn, er kravet om personleg oppmøte for utanlandsk arbeidskraft for ID og skattekort det same. For mange næringsdrivande som har utanlandsk arbeidskraft medfører dette ei auke i kostnader og ressursbruk, så også for arbeidstakarane.
Kva vil statsråden gjere for å hindre at næringsdrivande og arbeidstakarar blir råka av sentraliseringa?
Begrunnelse
Den omfattande sentraliseringa av skattekontor vert begrunna i at telefon og ny IT-teknologi langt på veg erstattar bruken av direkte besøk på skattekontoret. Skatteetaten meiner difor det ligg til rette for å samle fagmiljøa i større grad enn i dag. Likevel beheld ein krava til personleg oppmøte ved skattekontoret for nye utanlandske arbeidstakarar som tek arbeid her i landet. For mange næringsdrivande fører lengre avstand til skattekontoret til auka utgifter og meir logistikk. I tillegg tek det lengre tid før arbeidstakarane startar i produksjonen. Mange arbeidstakarar som kjem, må òg bruke tid og ressursar på ei reise som strengt tatt skulle vere unødvendig med dagens teknologi. Bildeoverføring frå arbeidsplass til det aktuelle skattekontoret burde kunne vurderast som ei løysing eller at registreringa kan skje på eit kontor i kommunen som til dømes hjå lensmann eller kommuneadministrasjon. Nokre skattekontor tek i bruk ambulerande tilbod for å møte denne etterspurnaden. Men tilbodet varierer landet over og gjev liten forutsigbarhet for den enkelte næringsdrivande. I alle fall all den tid dette ikkje vert etablert som ein struktur der etaten er forplikta til å ha eit slikt tilbod i dei ulike kommunane.