Skriftlig spørsmål fra Jacob Nødseth (H) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:282 (2011-2012)
Innlevert: 18.11.2011
Sendt: 21.11.2011
Besvart: 30.11.2011 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen

Jacob Nødseth (H)

Spørsmål

Jacob Nødseth (H): Vil statsråden gjere noko for at tomme sjukehusbygningar kan brukast av vertskommunen i høve samhandlingsreforma, og vil statsråden sørge for at den fastlåste og usikre situasjonen kring sjukehusbygningen i Florø blir avklara, slik at lokal planlegging kan kome vidare og framtidsretta løysningar bli etablert jamfør grunngjevinga til dette spørsmålet?

Begrunnelse

Flora kommune har store ambisjonar om å ta aktivt del i samhandlingsreforma, og det blir arbeidd tett med reforma både politisk og administrativt. Kommunen har også ein løpande dialog med omkringliggande kommunar for å søke samhandling i tråd med intensjonane i reforma. Både Førde og Florø vil kunne vere gode stadar for ei materialisering av samhandlingsreforma, der kommunane saman finn gode løysningar til innbyggjarane sitt beste.
Kva gjeld samhandlingsreforma og Florø, vil fleire stadar i byen vere aktuelle for ei materialisering av reforma, og som arena for ei generell styrking av helsetilbodet for innbyggjarane i regionen. Ein arena kan vere sjukehusbygningen i Florø eigd av Helse Førde HF. Ein annan arena i Florø kan vere det offensive fagmiljøet ved Sunnfjord Medisinske Senter. Berre ein liten del av sjukehusbygningen i Florø er i dag i bruk til helseføremål.
I tillegg til arbeidet med samhandlingsreforma er Flora kommune i gang med planlegginga av fleire omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. Florø sjukehus er av fleire nemnt som ein mogleg arena for også desse kommunale funksjonane. I tillegg har fleire private aktørar og ideelle organisasjonar uttrykt ønske om å etablere seg i sjukehusbygningen i Florø, og det er ikkje grunn til å tru at ønskja om ei slik etablering i Florø er blitt mindre med tida.
Helse Førde HF lyste i januar 2011 sjukehusbygningen i Florø ut for sal for 24 millionar kroner. Flora kommune meiner på si side at kommunen bør overta bygget vederlagsfritt. Marknadsverdien er uviss all den tid kommunen ikkje ynskjer å omregulere eigedomen til noko anna enn den er i dag: offentleg føremål. Med pressa økonomiske rammer og sterkt manglande overføringar til finansiering av samhandlingsreforma, er ikkje kommunen i stand til å kjøpe bygget frå Helse Førde HF til den prisen føretaket vil ha. Og andre kjøparar enn kommunen er vanskeleg å tenke seg. Situasjonen er altså låst.
Ein kan legge til grunn at helseføretaket ikkje ynskjer bruke pengar på å halde eit bygg vedlike som dei ikkje brukar til noko særleg, all den tid dei økonomiske rammene til føretaket er så tronge som dei er. Og for kommunen er det viktig å få avklart om sjukehuset kan bli ein arena til anten samhandlingsreforma i samarbeid med andre kommunar, tilbod i kommunal eigenregi, eller om ein vil tillate private å etablere seg i sjukehusbygningen. Dette for å bestemme seg for kvar ein vil og kvar ein skal satse. Slik situasjonen er i dag gagnar i alle fall ikkje nokon. Aller minst dei som har behov for helsetenester.
I protokoll frå føretaksmøtet i Helse Vest RHF 28.04.11 står det at ”Helse Vest RHF skal medverke til å opprette lokalmedisinske sentra for Sogn og Nordfjord i samarbeid med kommunane.” Departementet seier ikkje noko om medverknad i høve Sunnfjord.
Eg merkar meg også i same protokollen at det står: ”Føretaksmøtet meinte det vil vera riktig å sjå spesialisthelsetenestetilbodet i Florø i samanheng med samhandlingsreforma og målet om å legga tenester nær brukarane og vil difor kome tilbake til dette i det ordinære føretaksmøtet i januar 2012.” Kva som konkret ligg i dette står fram som uvisst.

Anne-Grete Strøm-Erichsen (A)

Svar

Anne-Grete Strøm-Erichsen: Helse- og omsorgsdepartementet har gjennom sin eierstyring i foretaksmøtene i de regionale helseforetakene satt krav om at det i forbindelse med forberedelse av salg av eiendom skal gjøres en særskilt vurdering av om en eiendom er egnet for bruk i tilknytning til samhandlingsreformen. Når dette er aktuelt skal disse vurderingene gjøres i nær dialog med de aktuelle kommunene. Disse kravene ble formidlet i foretaksmøtene i juni 2009. I samråd med KS ble dette presisert i foretaksmøtene i januar i år, og etter ønske fra KS gjorde Helse- og omsorgsdepartementet det klart at alle berørte kommuner og fylkeskommuner skulle informeres på et så tidlig tidspunkt at en kunne gjennomføre en dialog rundt prosess og mulig bruk før eventuelt salg av eiendommen finner sted. Dette uavhengig av om eiendommen anses som aktuell i forhold til samhandlingstiltak.
Helse- og omsorgsdepartementet er orientert om at Helse Førde HF over lengre tid har hatt til vurdering den fremtidige bruken av sykehusbygningen i Florø, og at det er ført dialog og forhandlinger med Flora kommune med sikte på overtakelse. Intensjonsavtalen fikk imidlertid ikke tilslutning ved den politiske behandlingen i kommunen. Helse Førde HF har på denne bakgrunn valgt å legge eiendommen ut for salg på det åpne markedet.