Jon Georg Dale (FrP): Kan statsråden garantere at ikkje det vert gjort endringar i akutt- og fødetilbodet ved dei 4 sjukehusa i Møre og Romsdal?
Begrunnelse
Sunnmørsposten melder 24.08. at det nye helse Møre og Romsdal skal spare nye 100 mill. kroner. Etter ein lang kamp for lokalsjukehusa sine viktigaste funksjonar trudde mange at det no ville vere ro rundt desse grunnleggande velferdstenestene. No ser det likevel ut som om akutt og fødetilbod på nytt er trua. Underfinansieringa av helseforetaka pressar fram dette, eg regnar ikkje med at statsråden endrar politikk og dermed aukar rammene til helseforetaka. Det hadde vore det mest fornuftige, men statsråden bør sende sterke styringssignal der det vert gitt uttrykk for at det ikkje er akseptabelt med kutt i viktige lokalsjukehusfunksjonar.