Anders Anundsen (FrP): På hvilken måte har departementet fulgt opp Kontroll- og konstitusjonskomiteens enstemmige innstilling?
Begrunnelse
I forbindelse med den såkalte NOBLE-saken, jf innst. 169 S (2010-2011) uttalte Kontroll- og konstitusjonskomiteen følgende:
"Under handsaminga av denne saka fann komiteen det føremålstenleg og å kalla Luftfartstilsynet til høyring. Utgangspunktet var spørsmålet om det har vore utidig samrøre mellom tilsynet og OCAS AS - til meins for selskap som konkurrerer med OCAS AS. Komiteen har merka seg at Luftfartstilsynet utforma utkast til forskrift for merking av luftfartshinder som openbert o utan blygsel hadde gjeve éin aktør i marknaden betydelege fortrinn. Dessutan uttala direktøren i Luftfartstilsynet, Heine Richardsen, i høyring mellom anna at
«[v]i (Luftfartstilsynet) hadde en inspektør hos oss som var ute med OCAS for å teste OCAS' anlegg. På returen fløy man inn i Proturas anlegg. Det var ikke en initiert testflight fra Luftfartstilsynet. Det har vært en intern personalsak hos oss, og den ble behørig behandlet internt hos oss.»
Komiteen meiner det kan kritiserast at tilsette hjå Luftfartstilsynet har medverka til det som kan oppfattast som undergraving av ein konkurrent til OCAS AS. Seinare har Luftfartstilsynet trekt tilbake Proturas tekniske godkjenning to gonger.
Komiteen finn grunn til å stilla spørsmål ved framferda til Luftfartstilsynet i desse sakene. Komiteen har merka seg at Luftfartstilsynet tek dette på alvor og har hatt interne prosessar for å rydda opp. Komiteen legg derimot vekt på at Luftfartstilsynet - til liks med andre statlege tilsyn - er avhengig av tillit både i ålmenta og mellom dei aktørane som aktivt samverkar med tilsynet. Komiteen vil difor be Samferdsledepartementet på eigna vis granska tilhøvet mellom Luftfartstilsynet, OCAS AS og Protura/Cordina."