Jon Georg Dale (FrP): Korleis bidreg statsråden til at kommunane som arbeidsgjevarar i større grad enn i dag skal tilby etter- og vidareutdanning av lærarar?
Begrunnelse
I revidert nasjonalbudsjett foreslår regjeringa å redusere løyvinga til etter- og vidareutdanning av lærarar. Dette skjer av di norske kommunar ikkje tilbyr dette til meir enn 1500 lærarar. Dette til tross for at 4000 har søkt om dette tilbodet, og regjeringa har hatt det som politisk målsetnad å gi tilbodet til 2500.
Noreg ligg under OECD-gjennomsnittet i å vidareutdanne lærarar, sjølv om vi veit at gode pedagogar er den viktigaste faktoren for å gi elevane godt læringsutbytte. Statsråden har eit ansvar for å fjølge opp kommunane på denne sektoren, utan å overlate heile ansvaret til kunnskapsdepartementet.