Jon Georg Dale (FrP): Kva vil statsråden gjere for å avgrense skadevirkningane av endringa som er forteke i finansieringa av barnehagesektoren?
Begrunnelse
I fleire kommunar ser vi i desse dagar eksempel på at born må skifte barnehage mot foreldra sin vilje. Døme på dette ser ein mellom anna i Volda kommune der eit born på 4 år ikkje lenger får halde fram i den barnehagen han har vore i fram til i dag. Dette skuldast at der det tidlegare var statlig finansiering pr. plass, er det no finansieringa lagt inn i rammetilskotet.
Dette medfører m. a at mange born som har foreldre som pendlar må skifte barnehage og i enkelte tilfeller medfører det at borna får eit vesentleg dårlegare tilbod totalt sett.
Eg ventar at statsråden er oppteken av å avgrense desse virkningane.