Helge André Njåstad (FrP): Vil kommunane som er plassert i kategori for kommunar med mindre press på strandsona sjølv gjennom lokale planar no i større grad enn tidlegare bestemme storleiken på naust for å oppnå ein utbygging som ivaretar den enkelte sine behov og samtidig ha fokus på estetikk?
Begrunnelse
Regjeringa har i mars 2011 fastsett statlege planretningslinjene for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen. Der vert kommunane plassert i 3 ulike kategoriar, der det er kommunisert ut at i områder med mindre press på areala skal ein gjennom lokale planar få bestemme meir gjennom det lokale sjølvstyret enn tidlegare. Eit spørsmål som ofte har vore tema mellom lokale og sentrale myndigheiter og som er viktig å få avklart for kommunar som no er komen i "mildaste kategori" er storleiken på naust som vert gitt løyve til. Det er viktig å oppretthalde det mønsteret i bebyggelsen som eksisterer i dei gamle naustmiljøa. Dette mønsteret med differensierte størrelsar på nausta og med nokon store naust innimellom er ein del av landskapstilpasninga, samt at det skapar miljø langs kysten som innbyr til bruk av alle. Store naust har tradisjonelt sett vært fleiremannseige og oppfattast som meir offentlig. Den allmenne tilgongen vert dermed auka når nausta får en viss størrelse. Den storslåtte naturen på spesielt vestlandet med hav og øyar krev også dimensjonar over nokon av bygga for at bebyggelsen skal passe inn.
Slik det kan bli med fastlagt størrelse på nausta oppfattast de som monotone element og øydeleggande for estetikken i landskapet og miljøet langs strandlinja. Spørsmålstillaren er uroa over framtida dersom begrepet naust skal i detalj frå sentralt hald avgrensast til kun 5 meter høgde og 30 m2 for alle slik Direktoratet for naturforvaltning ynskte i ein sak som var til handsaming i departementet i 2009. Då ville naustmiljø ikkje få den utforminga og estetikken som lokale folkevalde ynskjer. Når no regjeringa opnar opp for å differensiere og gje meir lokal myndigheit gjennom lokale planar i nokre kommunar er von om at også kommunane gjennom eigne lokale planar kan opne for større variasjon og dermed leggje opp til at også framtidige naustmiljø vert utforma på ein måte at det er fint visuelt og tilpassa folk sine behov.