Jon Georg Dale (FrP): Kan statsråden bekrefte at fødetilbodet på Nordfjordeid vert oppretthalde som i dag, og kan statsråden vidare garantere at dette ikkje vil medføre ei svekking av fødetilbodet i Volda?
Begrunnelse
I spørretimen den 16.02 bekrefta statsråden i debatt med underteikna at det var naturleg å samarbeide om fødetilbodet på tvers av helseforetaksgrensene, og slik sikre eit felles fødetilbod mellom sjukehuset på Nordfjordeid og i Volda. Den 16.03 melder likevel NrK Sogn og Fjordane at Senterpartiet har fått gjennomslag for å oppretthalde fødetilbodet på Nordfjordeid. Eg synes det er flott dersom regjeringa snur og dermed sikrar gode fødetilbod mange stader i landet, men fryktar at det nye signalet samstundes er eit signal om at sjukehuset i Volda får svekka fødetenester, som ein konsekvens av statsråden sine uttaler om felles fødetilbod. Eg bed statsråden snarast avklare kva som er regjeringa sin politikk på dette området.