Jon Georg Dale (FrP): Vil statsråden sjølv gå inn i klagehandsaminga i denne saka og sikre likebehandling med andre samanliknbare områder, og når kan ein vente at saka er ferdig handsama?
Begrunnelse
Eg hadde gleda av å møte statsråden i Ordinær spørretime for kort tid tilbake, då svarte statsråden at han ikkje kjende til den konkrete klagesaka om forholda i Furene i Volda Kommune etter at fylkesmannen la ned motsegn mot innhaldet i den nye kommunedelplanen. Denne saka har etter det underteikna kjenner til vore til handsaming i departementet sidan i Juli 2010.
På prinsipielt grunnlag opplevde eg likevel at statsråden var tydeleg på at områder i utgangspunktet skal likebehandlast. Eg viser i denne samanheng til ulik praksis knytt til lovverket i samanliknbare område både i Ørsta og Ålesund kommunar. Volda Kommune har arbeidd i mange år med denne planen. Det er på tide at den får si avklaring slik at utviklinga i regionen kan fortsette.