Jon Georg Dale (FrP): Vil statsråden sikre fagskuletilbodet i Møre og Romsdal, gjennom å finansiere den reelle kostnaden ved dette tilbodet over statsbudsjettet?
Begrunnelse
I Møre og Romsdal har det gjentekne gongar vore debatt om fagskuletilbodet i fylket. Dette kjem av at Møre og Romsdal Fylkeskommune på ingen måte får dekt sin kostnad knytt til fagskulane. Ei utgreiing frå Fylkeskommunen frå 2010 viser at Møre og Romsdal får om lag 77000 kroner pr. studieplass, medan den reelle kostnaden ligg mellom 120- 140000 kroner.
Fagskuletilbodet i Møre og Romsdal er særs viktig, særskilt med tanke på rekruttering til det kompetanseintensive næringslivet i regionen.