Jon Georg Dale (FrP): Vil statsråden vurdere å gi styringssignal om at det er den medisinsk vurderinga åleine som skal avgjer kva sjukehus pasientar skal sendast til?
Begrunnelse
Praksis i helseforetaka er i dag slik at pasientar ved akuttinnlegging i sjukehus, skal leggast inn på sjukehus innanfor eige regionale helseforetak. Dette medfører i mange tilfeller langt lenger reisetid enn naudsynt. Legar si medisinske vurdering av skadeomfang, behov for hjelp og belastning ved transport er med andre ord underlagt helseforetaka si målsetjing om å ha pasientane i eige foretak. Denne problemstillinga er særskilt relevant i områder med "overlappande" foretaksgrenser.