Oskar J. Grimstad (FrP): Kva vil statsråden gjere for å sikre at kundene ikkje blir påprakka umoden teknologi og derav ikkje nå målsetninga om å respondere hensiktsmessig på prisbildet på straum?
Begrunnelse
Nylig kom det fram at installering av AMS (avanserte straummålarar) skulle framskundast monaleg og for Midt-Noreg skulle tida kortast med fire år. Resten av landet med eit år. Dette kan etter bransjens meining føre til at ein ikkje får god nok tid til pilottesting, med det resultat at kundane i Midt-Noreg vil kunne få dyrare AMS teknologi, i tillegg til umoden teknologi. Ved felles innkjøp ville også volumet kunne gitt lavere innkjøpskostnader.