Frank Bakke-Jensen (H): Kan Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk som ansvarlig statsråd redegjøre for om bruken av omsetningsavgiften faktisk og reelt styres av Omsetningsrådet i tråd med det loven legger opp til, om omsetningsmidler er brukt til formål som strider eller kan stride mot hva omsetningsmidlene skal kunne brukes til og for de habilitetsspørsmål som reises i brevet av 13. desember 2010 fra KLF?
Begrunnelse
Et brev Kjøtt- og fjørfebransjens landsforbund har sendt til Statens landbruksforvaltning 13. desember 2010 reiser alvorlige spørsmål knyttet til vedtak fattet av Omsetningsrådet. Omsetningsrådet har i dag en betydelig rolle i norsk landbrukspolitikk.
"Ut fra Lov for å fremja umsetnaden av landbruksvaror § 11 skal omsetningsmidlene gå til et særskilt fond for hver avgift, og pengene som kommer inn etter § 6 skal bare kunne nyttes til å utjevne prisforskjeller som har sin årsak i ulik bruk av melk og geografisk lokalisering av produksjonen."
Fra brevet vil i det videre særlig fremheves:
"Det har ved fleire høve oppstått problem i høve til rolla og oppgåva til rådet og tilhøvet til Landbruks- og matdepartementet og til partane i Jordbruksavtala. Døme på dette er saker der avtalepartane gjer vedtak i Jordbruksavtala som føreset at det skal løyvast omsetningsmidlar til tiltak, gjerne tiltak som per definisjon ligg langt utafor kva som omsetningsmidlane er tenkt nytta til. Nyaste døme på slike tiltak er Nyt Norge - konseptet. Det finnast og andre.
(...)
Omsetningsrådet har sitt mandat direkte frå Stortinget gjennom lov. Med mindre vedtak då er direkte i strid med lov og/eller føresegn kan ikkje Landbruks- og matdepartementet gjere om vedtak rådet fattar. I samband med budsjettdiskusjonar i rådet har det fleire gongar blitt framført sterk argumentasjon via sekretariatet og leiar av rådet basert på politiske signal frå departementet.
(...)
Når då Omsetningsrådet har gjort vedtak i gjeldande periode, kan departementet omgjere slike vedtak på bakgrunn av ein ny avtale som vert inngått?
(...)
Vidare, kva slags rutinar og prosessar nyttar SLF for å sikre at habiliteten er ivareteken i eit system der Landbruks- og matdepartementet for det første er overordna styresmakt i høve til å kunne gjere om vedtak Omsetningsrådet har fatta, og for det andre at det same departementet sit som ein av avtalepartane som inngår Jordbruksavtale, og slik sett legg direkte føringar for rådet?
(...)
KLF er av den oppfatning at rådet og rådets integritet har blitt kraftig svekka av at andre aktørar legg føringar utanom dei som normalt skulle følgje av lov og føreskrifter, og av at normale prosedyrar i høve til habilitet td. vert sett ut av spel, noko som er ein trussel både mot legitimiteten og autoriteten til Omsetningsrådet."