Bjørn Lødemel (H): Ei av dei kommunane som blir sterkast råka av den nye 420 kV-linja er Eid kommune i Nordfjord. Dei har heile tida vore svært kritisk til traseane som er planlagde gjennom kommunen. Eit samrøystes kommunestyre gjorde før jul vedtak om at linja kjem for nær busetnad og næringsverksemd på Nor/Vedvik, og krev at traseane 4.15 og 1.4.7 på austsida av Movatnet vert valt. Ein liten del av denne traseen er tidlegare vurdert men ikkje konsesjonssøkt.
Vil statsråden legge til rette for at dette alternativet blir vurdert og valt?
Begrunnelse
Ein er no i sluttfasen av planarbeidet med den nye 420 kV-linja mellom Ørskog og Fardal. Eid kommune er svært uroa over dei negative konsekvensar den nye 420 kV linja vil ha å seie for trivsel, oppvekstmiljø i naturen i Eid kommune. Derfor har Eid kommune arbeida for at den nye linja skulle kome i sjøkabel på heile eller deler av strekninga mellom Ørskog og Fardal.
Eid kommune har gjennom alle høyringsuttaler vist til at ingen av dei traseane som er føreslegne vil vere tenelege for innbyggarane i kommunen, og at dei negative konsekvensane for dei innbyggarane som vert råka blir for store. Derfor har heller ikkje Eid kommune gjort vedtak om val av trase for linja før på kommunestyremøtet før jul i 2010.
På møte i OED 22.11.2010 kom det fram at det ikkje lenger er tid til å vurdere andre løysingar enn dei to traseane gjennom kommunen som allereie er søkt konsesjon på. Eid kommune kan ikkje akseptere at tidspress siste tida før det skal takast endeleg avgjerd fører til at ein ikkje får valt den løysinga som er minst til skade for innbyggarane i Eid kommune. Derfor gjorde også eit samrøystes kommunestyre vedtak om traseen 4.15 og 1.4.7. som går lenger aust, og som har god avstand til fastbuande.
Ein mindre del av denne strekninga har tidlegare blitt vurdert, men det er ikkje søkt om konsesjon for deler av strekninga.
Likevel ber kommunen om at denne strekninga blir vurdert på linje med dei andre traseane gjennom kommunen, og at statsråden sørgjer for at det vert gjeve konsesjon for bygging av linja langs denne traseen. Eid kommune ser ikkje at dette vil forsinke bygging av linja, og ønskjer å medverke til at nødvendige vedtak kan gjerast om det er behov for det. Dei ber om at statsråden lyttar til dei råd som kjem frå eit samrøystes kommunestyre i Eid kommune.