Bjørn Lødemel (H): Kva vil statsråden gjere for at Firda fysikalsk- medisinske senter på Sandane skal få framtidsretta rammevilkår?
Begrunnelse
Tilbodet om behandling for pasientar med nakkeslengskader er mangelfullt. Firda fysikalsk- medisinske senter på Sandane driv diagnostisering og rehabilitering for akutte traumer mot nakke/hovud og for tidlegare skadar.
Senteret behandlar pasientar frå heile landet, men dei økonomiske rammevilkåra er krevjande, og pasientane må ofte betale alle kostnadane ved behandlinga sjølve. FFMS utgjer eit svært avgjerande tilbod til ei pasientgruppe som elles ikkje ville fått ei tilfredsstillande behandling.