Roald Aga Haug (A): Vert landingsmoglegheiter til luftambulansen og ROS-analyser teke omsyn til når dimensjonering av akuttfunksjonar vert vurdert, og kva pasientgrupper har størst trong for nærleik til helsetilbodet, og korleis vurderer statsråden behovet for nærleik til akutt og fødetilbod i framtida?
Begrunnelse
Lokalsjukehusa er ein viktig faktor og ein bærebjelke i helsevesenet. Odda Sjukehus er eitt døme på lokalsjukehus som gjer nærleik i helsetilbodet og som samstundes skapar tryggleik for lokalsamfunnet. Krevande akuttbehandling bør ofte gjerast på større sjukehus, som Haukeland Sjukehus. Likevel vil ofte omstende og tid til rådvelde ikkje gje høve til dette. For distrikta er dermed fråstand og tilgjenge viktige faktorar for å trygga helsetilboda. Lokale geografiske tilhøve i Odda gjer at luftambulansen ikkje alltid kan landa. Samstundes skårer området svært høgt på ROS-analysar.
Lokalsjukehusa sine komparative føremoner er nærleik til helsetenestene. Odda sjukehus er døme på eitt lokalsjukehus som skaper tryggleik for lokalsamfunnet.