Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:266 (2010-2011) Innlevert: 10.11.2010 Sendt: 11.11.2010 Besvart: 17.11.2010 av helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen
Åge Starheim (FrP): I svaret frå statsråden på mitt spørsmål nr. 127 vart det presisert at ingen sjukehus skal leggjast ned, og at sjukehuset på Nordfjordeid skal ha akuttberedskap innan indremedisin.Er statsråden samd i at ei slik avdeling som statsråden viser til i sitt svar på mitt spørsmål nr. 127 må ha overlegar innan medisin og kirurgi, sjukepleiarar, anestesilegar, anestesisjukepleiarar, samt lab. og radiologi?
Anne-Grete Strøm-Erichsen: I mitt svar på ditt spørsmål nr. 127 uttrykte eg kva som er regjeringa si politikk på området. Regjeringa legg til grunn at det desentraliserte sjukehustilbodet me har i dag skal oppretthaldast. Dette er uttrykt både i regjeringsplattforma og i høyringsutkastet til Nasjonal helse- og omsorgsplan. Det vil framleis vere tre sjukehus i Sogn og Fjordane. Det vil vere indremedisinsk tilbod både på sjukehuset i Lærdal og i Nordfjordeid slik at ein skal kunne ta seg spesielt godt av den aukande gruppa av pasientar med kronisk sjukdom, også ved akutt forverring av sjukdomen. Det einskilde (sjukehus) føretak må sjølv vurdere kva samansetting og kva medisinsk kompetanse som er naudsynt på personalet for å ivareta pasientgruppa, samt etablering av nye desentraliserte tilbod ved sjukehusa. Ein må sjå på dei totale personellressursane på tvers av dei tre sjukehusa.Det er Helse Vest RHF som har ansvaret for å sørgje for en heilskapleg plan for spesialisthelsetenesta i regionen, óg i Sogn og Fjordane. Dei må ta stilling til kva som er eit forsvarleg tilbod til befolkninga i fylket. Framtidig organisering av sjukehustilbodet i Sogn og Fjordane skal handsamast i Helse Vest RHF i samband med heilskapeleg strategi for helseregionen den 1. desember 2010.