Skriftlig spørsmål fra Åge Starheim (FrP) til fiskeri- og kystministeren

Dokument nr. 15:203 (2010-2011)
Innlevert: 29.10.2010
Sendt: 29.10.2010
Besvart: 02.11.2010 av fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Åge Starheim (FrP)

Spørsmål

Åge Starheim (FrP): Eg viser til særreglar ved sal av fartøy som har deltakaradgang i fisket etter torsk, hyse og sei mv. for konvensjonelle havfiskefartøy og i fiske etter torsk, hyse og sei for fartøy som har mindre enn 500m3 lastevolum som fisker med konvensjonelle reiskap nord for 62 grader nord, dei såkalla fylkesbindingane som kjem til anvending ved kjøp/salg av fiskefartøy frå anna fylke enn Nord-Troms og Finnmark.
Vil statsråden ta initiativet for å endre desse reglane, slik at kjøp/salg kan skje fritt i heile landet?

Begrunnelse

Eg viser til særreglar som gjeld ved sal av fartøy som har deltakaradgang i fisket etter torsk, hyse og sei mv. for konvensjonelle havfiskefartøy og i fisket etter torsk, hyse og sei for fartøy som har mindre enn 500 m3 lastevolum som fiskar med konvensjonelle reiskap nord for 62 grader nord.

Ved sal av fartøy som har deltakaradgang, kan Fiskeridirektoratets regionkontor gje ny eigar tilgang til å delta i fiske når følgjande vilkår er oppfylt:

a.
kjøpar må vere ført på blad B i fiskarmanntalet

b
både kjøpar og seljar må vere ført i fiskarmanntalet i same fylke i minst 12 månadar før kjøpet finn stad, dersom ikkje kjøpet skjer i samband med at kjøpar skal nytte strukturkvoteordninga etter reglane i forskrift av 4. mars 2005 nr. 193 om strukturkvoteordninga mv. for havfiskeflåten. Det kan gjerast unntak frå kravet i første punktum for kjøpar som er ført i manntalet i løpet av dei siste tolv månadane, dersom han/ho har vore busett i fylket i minst 12 månader.

Fiskedirektoratets regionkontor kan dispensere frå kravet i andre ledd bokstav b:

a
når fartøy kjøpast frå anna fylke til Nord-Troms og Finnmark, eller

b
ved sal mellom fylker når det er naturleg å sjå kjøpar og seljars distrikt som eitt område i kvotesamanheng. Fylka Østfold, Akershus, Oslo, Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder vert å ansjå som eitt område i kvotesamanheng. Det same gjeld fylka Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Etter det eg kjenner til skapar dei såkalla fylkesbindingane som kjem til andvending ved kjøp/salg av fiskefartøy til interessentar frå andre deler av landet enn Nord-Troms og Finnmark vanskar også for fartøyeigarar i Nord-Troms og Finnmark, og eg har forstått det slik at også dei fleste i desse fylka er interessert i å få endre reglane.

Lisbeth Berg-Hansen (A)

Svar

Lisbeth Berg-Hansen: Det er eit mål å ha gode og velfungerande fiskerimiljø langs heile kysten. Fylkesbindinga har som formål å oppretthalde ei slik geografisk spreiing, og den relative fordelinga mellom fylka av slike fartøy. Eg er kjend med at fylkesbindinga kan medføre ulik verdi på fartøy med same type løyve i ulike fylke eller delar av landet. Dette heng saman med marknadsmessige tilhøve. Det målet fylkesbindinga skal bidra til å realisere, er likevel viktigare enn dei negative konsekvensane enkelte fartøyeigarar kan oppleve. Eg har difor ikkje til hensikt å ta initiativ for å endre desse reglane.