Torstein Rudihagen (A): Eg har fått spørsmål om kostnadene som einskildpersonar får i samband med registrering og utgraving av kulturminne der slike kulturminne blir oppdaga når areal blir omdisponert.
Vil statsråden vurdere å endre regelverket på dette området?
Begrunnelse
I Vågå kommune fekk ein person utarbeidd ein privat reguleringsplan på tre tomter til boligbygging. Tomtene skulle omdisponerast frå dyrka mark og det måtte til ei synfaring for å sjå om det her var verdifulle kulturminner. Det vart m.a. oppdaga skålgroper. Dette resulterte i at eigaren måtte betale arkeologiske registreringar og utgravingar på ca. 135000.- kr. Reaksjonen som eg får, er at dette burde vera eit statleg ansvar når det er slik at Staten pålegg å registrere kulturminnene.