Skriftlig spørsmål fra Torstein Rudihagen (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:91 (2009-2010)
Innlevert: 22.10.2009
Sendt: 22.10.2009
Besvart: 30.10.2009 av finansminister Sigbjørn Johnsen

Torstein Rudihagen (A)

Spørsmål

Torstein Rudihagen (A): I framlegget til omlegging av momsregelverket vert det føreslått å innføre av 8 % mva. på museumsbillettar. Som motyting skal staten gje musea frådrag for all moms musea betaler frå 1.1. 2010.
Vil motytinga vere fullt ut dekkande, og må alle museum merverdiavgiftsregistrere seg i framtida?

Begrunnelse

Framlegget til endring av regelverk har skapt uro mange plassar i landet. Mellom anna har museumsinnstitusjonar lokalt i mitt fylke gjeve uttrykk for uro kring det føreslåtte nye regimet. Av den grunn ynskjer eg oppklåring slik at musea kan konsentrere seg om sin kjerneverksemd framfor å måtte uroe seg om framtige endringar i rammetilhøve.

Sigbjørn Johnsen (A)

Svar

Sigbjørn Johnsen: I budsjettframlegget for 2010 gav Regjeringa ei skisse til omlegging av reglane om meirverdiavgift på kultur- og idrettsområdet, sjå Prop. 1 S (2009-2010) Skatte-, avgifts- og tollvedtak avsnitt 3.2.2. Av proposisjonen går det fram at Finansdepartementet arbeider med eit framlegg til endringar av reglane om meirverdiavgift med sikte på å innføre meirverdiavgiftsplikt med ein sats på 8 pst. på mellom anna inngangspengar til utstillingar i museum.
Arbeidet er eit ledd i oppfølginga av eit framlegg som er utarbeid av Kulturmomsutvalet (NOU 2008: 7). I høyringa kom det fram synspunkt som mellom anna har gjort at det på enkelte sentrale punkt vil bli foreslått andre løysingar enn det utvalet foreslo. Det er derfor varsla i nemnde proposisjon at Finansdepartementet vil gjennomføre ei ny høyring i saka, og at ein etter det vil komme tilbake til Stortinget med konkrete framlegg til lovendringar, slik at omlegginga kan innførast frå 1. juli 2010.
Det nærare innhaldet i framlegget vil dermed følgje av det varsla høyringsnotatet. Eg kan derfor ikkje no gå konkret inn på kva framlegget vil innebere for museumssektoren. Eg kan likevel stadfeste at dei musea som blir avgiftspliktige etter eit slikt framlegg vil få full frådragsrett for inngåande meirverdiavgift for kjøp av varer og tenester som skal brukast i avgiftspliktig verksemd. Motsatsen til frådragsretten er at avgiftssubjekta må krevje 8 pst. meirverdiavgift på billettane dei sel. I proposisjonen er det lagt opp til at endringane kan skje 1. juli 2010. Det er også uttalt at ein vil vurdere overgansordningar.
Dersom Stortinget vedtar ei slik omlegging, må dei musea som fyller vilkåra i meirverdiavgiftslova, la seg registrere i Meirverdiavgiftsmanntalet. Det vil som hovudregel seie at omsetjinga frå ytingar som er omfatta av meirverdiavgiftslova må utgjere over 50 000 kroner i løpet av ei periode på 12 månader, eller 140 000 kroner dersom museet er til dømes ei allmennyttig foreining. Det er også i dei fleste høve eit krav at aktiviteten skal skje som ledd i næringsverksemd.
Når det gjeld den særskilde omsetningsgrensa for blant anna allmennyttige foreiningar, foreslo Kulturmomsutvalet ei heving til 300 000 kroner, likevel slik at ein kan velje å la seg registrere dersom omsetninga er mellom 140 000 og 300 000 kroner. Dette er spørsmål som departementet no vurderer.
Mange museum er allereie registrerte i Meirverdiavgiftsmanntalet for anna avgiftspliktig omsetning som kioskutsal og liknande. Desse musea må i dag ta stilling til bruken av kvar enkelt nyskaffing før dei eventuelt nyttar retten til frådrag. Gjennom ein utvida rett til frådrag som ei omlegging også vil innebere, vil ei meirverdiavgiftsplikt i desse høva innebere ein administrativt enklare kvardag.
Utan at eg no kan seie noko sikkert om provenyet tyder tal som er lagt til grunn i arbeidet til Kulturmomsutvalet på at omlegginga vil vere svært positiv for bransjen som eit heile. Utvalet la til grunn at ei omlegging for denne sektoren ville gje eit provenytap for staten på om lag 165 mill. kroner i 2006, fordelt med om lag 110 mill. kroner for dei musea som får støtte frå Kultur- og kyrkjedepartementet og om lag 55 mill. kroner for dei musea som ikkje får slik støtte. Provenytapet til staten vil svare til ein tilsvarande fordel for sektoren eller dei besøkande. Dette tyder på at dei fleste museum vil komme godt ut av ei slik omlegging. Både Norges museumsforbund og dei enkelte musea som har uttalt seg som ledd i høyringa var positive til framlegget til utvalet. Norges museumsforbund set spørjeteikn ved berekningane av proveny utvalet la til grunn, Departementet ser særskilt på disse berekningane i samband med utarbeidinga av framlegget.