Gunvald Ludvigsen (V): Meiner statsråden at Dublin-prosedyren vert praktisert rett når born blir verande i Noreg i halvtanna år før dei vert sendt ut til det landet der dei først søkte asyl, vart registrert for ulovleg grensepassering eller fekk opphaldsløyve/Schengen-visum?
Begrunnelse
I media har me kunne lese om eritreiske NN (9) som i førre veke vart henta av politiet saman med far sin og sendt ut av landet til ein høgst uviss lagnad. I halvtanna år har dei budd i ein liten kommune medan UDI har handsama saka. Den eritreiske guten var godt integrert i lokalsamfunnet og prata flytande norsk. Saka syner at dagens sakshandsaming og handsamingsrutinar i asylsaker ikkje held mål.