Skriftlig spørsmål fra Erling Sande (Sp) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1492 (2008-2009)
Innlevert: 25.08.2009
Sendt: 25.08.2009
Besvart: 04.09.2009 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Erling Sande (Sp)

Spørsmål

Erling Sande (Sp): Kan statsråden garantere at biodrivstoff som vert tatt i bruk i Noreg, er framstilt på berekraftig, etisk og miljøvennlig vis, og ikkje fortrenger matproduksjon eller fører til auka matprisar i områda der drivstoffet vert produsert?

Begrunnelse

I februar vart det sendt på høyring eit forslag om ein omsetningsandel på minst 2 pst biodrivstoff i 2008, stigande til minst 5 pst f.o.m. 2009 (andel i volum av samla mengde omsatt drivstoff til veitrafikk). I høvrings forslaget låg det ikkje inne forslag til miljøkrav til biodrivstoffa.
Departementet ser bærekraft-omsynet som det viktigaste elementet sem no må vurderast. Det vert i notatet til forlikspartnarane fokusert på moglegheiten for nasjonale rapporteringskrav, friviljug bransjeavtale eller merkeordning og bruk av akseptkriteriar knytt opp til ulike typar verkemiddel. Departementet meiner det synes fornuftig å leggje seg på eller tett opp til bærerekraft-omsynet som EU no jobbar med å fa på plass.
Estimat på kor mykje biodrivstoff har å seie for matvareprisar varierer frå 3-30 % (FAO). FAO estimerer at aukinga vil være på ytterligare 12-15 % til 2017 som følge av etterspørsel etter biodrivstoff.
1EA estimerer at andelen dyrkbar mark direkte brukt til biodrivstoffkan bli vesentlig. Andel dyrkbar mark brukt til å dyrke tobakk er ca 5,3 mill hektar -tilsvarande 0,4 % av samla dyrkbar jord (WTO). Denne jorda kunne bli brukt til å fø om lag 10-20 millionar menneske. I 2004 ble 13,8 millionar hektar dyrkbar jord brukt til produksjon av biodrivstoff. Jf. tobakk-dømet, kunne denne jorda bli brukt til å fø opp mot 52 millionar menneske. Produksjonen av biodrivstoff har vore aukande etter 2004.
I FAOs scenarier er det snakk om at opp mot 58,5 millionar hektar kan bli brukt til biodrivstoff-produksjon i 2030. Dette tilsvarer mat til opp mot 220 millionar menneske! I tillegg kommer problem som rasert regnskog til fordel for biodrivstoffproduksjon, karbonutslipp grunna bearbeiding av jord, utslipp grunna bruk av kunstgjødsel, skade på grunnvatn, og manglande reell utslippsreduksjon.
Vidare er det utfordringar i forhold til fattiges tilgang til land, eksempelvis hvor lokalbefolkninga tradisjonelt har brukt såkalla "wasteland" til beite, sanking og liknande (FAO/ IIED 2008).
Samstundes er karbonrekneskapet i forhold til produksjon, transport og bruk av biodrivstoff er høgst varierande, frå god klimaeffekt til negativ klimaeffekt.
På den andre sida er det positive verknader av biodrivstoff, der produksjonen medfører velstandsutvikling for lokalbefolkninga, og der produksjonen har en positiv klimaeffekt. Biodrivstoff kan også produserast på måtar som ikkje nødvendigvis konkurrerer med matproduksjon, eksempelvis GROT og andre råvarer til 2. generasjons biodrivstoff, vekstar som tåler salthaldig jord, etc. Dyrking kan både gi inntekter og gjøre folk sjølvforsynt med energi.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Regjeringa legg vekt på at biodrivstoff skal være berekraftig produsert. Dette har vi understreka i omtalen av norsk politikk i fleire stortingsdokument, t.d. i klimameldinga (St. meld. nr. 34 (2006-2007) Norsk klimapolitikk) og i samband med forskriftsfestinga om bruk av 2,5% biodrivstoff i vegtrafikken. Noreg har som einskild land ikkje fritt handlingsrom til å setje særnorske krav til produkt som skal kunne seljast her i landet. Vi meiner difor at det er særs viktig med gode internasjonale ordningar for berekraftig biodrivstoff. Denne regjeringa har arbeidd aktivt med å påverke internasjonale prosessar i så måte, med særleg vekt på det pågåande arbeidet i EU med å lage og forbetre eit system for berekraftig biodrivstoff i samband med det nye fornybardirektivet.
Som representanten skriv i sitt spørsmål, så er biodrivstoff generelt ikkje klårt bra eller dårleg, verken for klimarekneskapet, for miljøet elles, for fattige bønder i fattige land eller liknande. Om eit særskilt biodrivstoff er bra eller dårleg, kjem an på mange forhold som kor og på kva måte det er produsert, endringar i arealbruken, energikjelder og metode for prosessering, vilkår for dei som arbeider med produksjonen, eigedomsretter for lokalbefolkninga og mykje anna. Det er openbart både viktig og utfordrande å få på plass internasjonale ordningar som på ein fagleg bra og truverdig måte kan skilje mellom ”godt” og ”dårleg” biodrivstoff.
I Noreg har vi som eit første steg innført nokre rapporteringskrav for biodrivstoff som vert omsett i landet. Det skal rapporterast på type råstoff og opphavsland for råstoffet, som gjev grunnlag for ei forenkla berekning av klimaeffekt. Regjeringa har i forskrifta om biodrivstoff også sagt at vi tek sikte på å innføre berekraftskriterium for biodrivstoff. I dette arbeidet vil vi så langt som mogleg basere oss på dei berekraftskriteria som EU har laga og som også utviklast vidare no i 2009 og 2010. Desse kriteria tek føre seg forhold om netto klimaeffekt, biologisk mangfald og område med stor karbonbinding (som t.d. regnskog). I direktivet er det i tillegg ein lang rekke rapporteringskrav om mellom anna utslepp til vatn, jord og luft, verknad på matproduksjon og matprisar, arbeidstakarretter, eigedomsretter og andre samfunnsmessige forhold. Dette er også noko som vi vil vurdera å innføre i Noreg. Vi samarbeider også med drivstoffbransjen om ei mogleg frivillig bransjeordning for berekraftig biodrivstoff.
Eg ser at representanten sluttar brevet sitt med at produksjon av biodrivstoff også kan ha positive konsekvensar. Høgare priser på landbruksprodukt treng ikkje vere dårleg for folk i fattige land. Auka priser kan gi ny drivkraft for fattige bønder, gjennom nye investeringar i infrastruktur, utstyr og andre innsatsfaktorar i landbruksproduksjonen. Mangel på mat er heller ikkje berre eit spørsmål om produserte mengder, men også i høgste grad eit spørsmål om inntekt, fordeling og samfunnsmessig påverknad.