May-Helen Molvær Grimstad (KrF): Vil statsråden sørgje for at det vert utgreidd alternative løysingar i samband med ny 420 KV kraftlinje Ørskog - Fardal, angåande jord eller sjøkabling som alternativ til luftspenn, spesielt ut i frå kva ny teknologi kan gjere mogleg?
Begrunnelse
Sunnmørsalpane framstår i dag som ei "urørt naturperle". Kombinasjon av blåe fjordar, grøne dalar og snøkledde fjell i eit alpint fjellandskap, blir ofte brukt som "logoen" når Noreg presenterer seg som turistdestinasjon i utlandet. Dette unike landskapet var også grunnen til at UNESCO i juli 2005 inkluderte Geirangerfjorden og Nærøyfjorden med omland på lista over verda sine viktigaste kultur og naturverdiar. Frå eit lokalt og nasjonalt perspektiv vil det verte opplevd som eit svært kraftig inngrep i vår flotte natur å skulle trekke ei gedigen kraftlinje gjennom desse vakre landskapsformene. I samband med forslag om ny 420 kV kraftlinje Ørskog - Fardal bør det settast i gang ei tillegsutgreiing i forhold til jord- og sjøkabling av SVC linje, minimum mellom Nordfjordeid og Ørskog, alternativt heile linja dersom det er høve til å kople på småkraftverk undervegs. Eg ser ingen grunn til at departementet skal vente med å be om ytterlige utredningar til konsesjon er gitt frå NVE til Statnett. Det haster no å få på plass ei løysing, og det er viktig at saka er godt nok utgreidd, det er den ikkje i dag.