Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Eg har fått opplyst at Mattilsynet arbeider med forslag til ei positivliste over tilletne krypdyr og amfibieartar. I 2003 fastslo Næringskomitéen at det framleis skal vere forbode å importere krypdyr til Noreg.
Kan landbruks- og matministeren forsikre at næringskomiteens oppmoding blir oppfylt, slik at krypdyr ikkje blir tilletne?
Begrunnelse
Mattilsynet er i ferd med å utarbeide eit oppdrag til Vitenskapskomitéen for mattryggleik, der dei ber om ei risikovurdering knytta til hald av ulike krypdyr- og amfibieartar (herptilar).
Økokrim har gjort det klart at dei ikkje ynskjer ei liberalisering av forbodet, mellom anna fordi eit generelt forbod er lettare å praktisere enn eit forbod mot nokre artar.
Tal som Dyrevernalliansen har innhenta frå tollvesenet i Storbritannia viser at det ikkje er nokon påviseleg samanheng mellom liberalisering og redusert ulovleg import.
I rapporten "Reptiles and amphibians as pets - The Norwegian positive list proposal" som er utarbeida av ein av verdas fremste ekspertar på området, Clifford Warwick, blir det gjort klart at herptilar kan overføre smitte til menneske, til dømes salmonella.
Utover dette blir det slått fast at nesten alle sjukdomstilstander hos herptilar i fangenskap er relatert til stellet, og at dei har åtferd som kan vere vanskeleg å legge til rette for i heimen.
Krypdyr kan òg vere fryktskapande i nærmiljøet.
I ei ny opinionsmåling som er blitt utført på vegne av Dyrevernalliansen svarer 75 % at dei ville vere negative til at naboen skaffa seg reptilar.
Då næringskomiteen handsama St.meld.nr. 12 (2002-2003) om dyrehald og dyrevelferd fastslo fleirtalet at det ikkje var aktuelt å oppheve forbodet mot import av krypdyr. Stortinget har ikkje gått tilbake på dette.