Gunvald Ludvigsen (V): Vil statsråden syte for at alle sider ved spørsmålet om sjukehustomt på Gullaug i Lier, Buskerud vert klargjort?
Begrunnelse
Pasientane i Buskerud har lenge vore lova eit framtidsretta, samlokalisert psykiatrisk og somatisk sjukehus på Gullaug i Lier. Slike lovnader er og gjeve av representantar for regjeringspartia. Tomta på Gullaug er ferdig utgreia og forureininga i grunnen er definert og offentleg tilgjengeleg. Vidare er kommunedelplanen for området behandla og vedteke i kommunestyret i Lier kommune. Nå synes vidare prosess i saken unødig uklar, til tross for at Helse Sør Øst allereie ved utgangen av 2007 fekk mandat til å forhandle om kjøp av tomt til sjukehuset i Buskerud.