John-Ragnar Aarset (H): Meiner statsråden at lovverket og praksis knytt søknader om dispensasjon frå kommunaplanar, der søknaden har støtte frå den aktuelle kommunen, er fornuftige og gode?
Begrunnelse
Lokalavisa, Hallingdølen, har laurdag 9. mai ei breidt anlagt sak med fleire døme på at innbyggjarar, med støtte frå Hemsedal kommune, har søkt fylkesmannen om dispensasjonar frå kommuneplanen. Dette er saker der innbyggjarar har lagt fram prosjekt og tiltak som kan gi ny utvikling og nye arbeidsplassar. Fylkesmannen sine avslag på søknadene synest ikkje å ta omsyn til positive ringverknader av dei aktuelle utviklingsprosjekta.
Avslag synest å vere grunngitt i at prosjekta er i strid med kommuneplanen. Ordførar, Oddvar Grøthe (Sp), seier at det er nettopp difor ein søkjer om dispensasjon. Han seier også at kommuneplanen ikkje kan ta høgde for alle tenkelege scenario, og at det er difor ein skal kunne fråvike planen.