Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Mange hadde forventa at Regjeringa før jul 2008 ville vedteke å heva U-864, den såkalla Fedje-ubåten. Ikkje minst statsråden sitt svar på mitt spørsmål 170908, der ho svara at ho tok sikte på ei rask avklaring, gav grunnlag for ei slik forventning. Saka hastar!
Kva tid vil Regjeringa gjera vedtak om kva som skal skje med denne tikkande miljøbomba; vraket etter U-864, med bortimot 70 tonn kvikksølv om bord?
Begrunnelse
U-864 inneheld svære mengder kvikksølv. Karakteristikken "tikkande miljøbombe" er ingen overdrivelse. Kvikksølvet må bort frå havbotnen! Tildekking vil berre vera utsetjing av problemet, og dette alternativet vil gjera heving av vraket, og fjerning av kvikksølvlasta, endå vanskelegare når det ein gong må gjerast.
Med god grunn er det mange som er svært urolege så lenge kvikksølvlasta vert liggjande. Denne uroa aukar etter kvart som tida går, utan at noko vert gjort!
No hastar det med at Regjeringa bestemmer seg i denne saka, både fordi dette er ein miljøtrussel som må fjernast, og fordi folk si uro rett og slett har krav på å verta teken på alvor.