Kjell Arvid Svendsen (KrF): Omsettingsrådet, der staten er representert, fatta nylig eit vedtak om å utsetja finansiering av det såkalla snu sauen-prosjektet mot fotråte på sau. Dermed mister prosjektet 14 mill. kroner. Samstundes har Landbruks- og matdepartementet etter avtale med landbrukssorganisasjonane tidligare sett av 18,6 mill. kroner til tiltak mot fotråte.
Har Regjeringa endra strategi, og vil Regjeringa sikra at pengane til fotråteprosjektet kjem på plass, og at tiltak fram til sommaren vert gjennomført som forutsett?
Begrunnelse
Det er no skapt tvil rundt finansieringa av kampen mot fotråte etter at representantar for Regjeringa i omsetningsrådets arbeidsutvalg var med på vedtaket om utsetting av den varsla løyva. Mange besetningar er igang med nødvendige, kostnadskrevjande tiltak, og brukarar er usikre på om landbruks- og matministeren held det han har lova. Utsettinga vert sett på som manglande oppfølging av tilråding frå Mattilsynet, og skapar vanskar for ein effektiv kamp mot sjukdomen på bruksnivå.
KrF krev at landbruks- og matministeren medverkar til at pengane kjem på plass, og at tiltak fram til sommeren vert gjennomført som forutsett. Landbruksdepartementet har mellom anna høve til å gripa inn overfor omsetningsrådet dersom vedtak i rådet er i strid med avtalar mellom partane, eller dersom det er i strid med viktige samfunnsinteresser. KrF har vanskelig for å sjå at vedtaket ikkje er i strid med avtalar mellom partane, eller med viktige samfunnsinteresser.