Skriftlig spørsmål fra Ingebrigt S. Sørfonn (KrF) til nærings- og handelsministeren

Dokument nr. 15:131 (2008-2009)
Innlevert: 23.10.2008
Sendt: 24.10.2008
Besvart: 31.10.2008 av nærings- og handelsminister Sylvia Brustad

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF)

Spørsmål

Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Vil nærings- og handelsministeren snarast ta kontakt med DNB Nor for å gje klart uttrykk for at leiarløner bør frysast og bruk av bonusordningar stansast i samband med at DNB Nor nyttar seg av staten si redningspakke for bankane?

Begrunnelse

Eg reagerar sterkt på at finansminister Kristin Halvorsen i si pressemelding om staten si redningspakke til bankane i dag ikkje konkret tek opp spørsmålet om leiarløner og bonusar i bankane, men berre snakkar om samfunnsansvar heilt generelt. Det er altfor svakt.
Norge er ramma av finanskrise, og staten har sagt seg villig til å gje bankane ei redningspakke for å hjelpa dei ut av krisa. I denne situasjonen er det heilt avgjerande at Regjeringa sender eit tydelig signal til alle bankar som nyttar redningspakka om at frys i leiarløner og bonusstopp er ein underliggjande føresetnad for å få hjelp frå staten. Om dette ikkje skjer, vil redningspakka mista all demokratisk legitimitet. Det kan me ikkje risikera i den vanskelige situasjonen me er oppe i.
Staten eig 34 pst. av DNB Nor ASA, og har difor eit særlig ansvar for å sikra at denne banken no tek samfunnsansvar. Punkt 2.6 i retningslinene for statlig eigarskap seier at: "Styret må påse at lederlønnsordningene ikke gir uheldige virkninger for bedriften eller svekker selskapets omdømme". Auka leiarløner eller utbetalingar av bonusar ville på dette tidspunktet ikkje berre riva bort all folkelig oppslutning om redningspakka for bankane, det ville óg ha svekka DNB Nor sitt omdømme vesentlig. Eg krev difor at statsråden snarast tek kontakt med DNB Nor for å understreka alvoret i situasjonen og behovet for at banken omgåande frys leiarlønene og innfører bonusstopp.

Sylvia Brustad (A)

Svar

Sylvia Brustad: Eg viser til regjeringa sine retningslinjer for fastsettinga av løn til leiarar i verksemder med statleg eigarandel. Retningslinjene gjer greie for forhold staten vil legge vekt på ved vurderinga av styret sitt opplegg for fastsetting av leiarlønsordningar. Retningslinjene endrar likevel ikkje styret sitt ansvar eller rollefordelinga mellom generalforsamlinga eller styret. Sakshandsamingsreglane i allmennaksjelova som tok til å gjelde 1. januar 2007 gjer at eigarane no i sterkare grad tek del i fastsettinga av retningslinjer for leiaravløning ved at den ordinere generalforsamlinga skal handsame styret sine retningslinjer for fastsettinga av leiarløner ved rådgjevande avstemming.
Staten sine retningslinjer har blant anna som følge at staten som eigar seier nei til nye opsjonar til leiande ansatte. Vidare følger det av retningslinjene punkt 2.6 at styret må sjå til at leiarlønsordningane ikkje har uheldige verknadar for verksemder eller svekkar verksemdene sitt omdøme. Når det gjelder bonusordningar heiter det i staten sine retningslinjer blant anna at regjeringa er opptatt av at bonusordningar ikkje bygger på forhold som ligg utanfor det leiinga kan påverke.
Statens representant på årets generalforsamling i DnB NOR ASA uttrykte i ein tilførsel i protokollen at staten som eigar vurderer verksemda sine retningslinjer for godtgjering til leiande ansatte på vesentlege punkt materielt å vere i tråd med statens retningslinjer. Staten ved Nærings- og handelsdepartementet oppfordra likevel styret til å arbeide vidare med retningslinjene for å auke presisjonsnivået slik at det tydeligare går fram at dei er i tråd med statens haldning til løn til leiarar.
Det var ikkje forutsett at dei nye retningslinjene til staten skulle oppheve allereie avtalefesta ordningar. Her som ellers gjeld at inngåtte avtalar må respekterast.
Eg viser ellers til regjeringa si oppmoding om at alle bankar som nyttar ordninga i krisepakken bør, uavhengig av kven som er eigar, vise måtehald og ikkje kome med urimelege bonusutbetalingar. Slike utbetalingar vil i denne situasjonen kunne få uheldige konsekvensar for omdømet til finansbransjen generelt og dei enkelte bankane spesielt. Denne forventinga gjeld sjølvsagt også overfor DnB NOR.