Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Gjennom media er det gjort kjent at Kystverket sin sluttrapport om ubåtvraket U-864 er utsett. Denne tikkande miljøbomba skapar utrygghet langs Vestlandskysten, og mange fryktar trenering av ein beslutning om ev. heving av vraket.
På bakgrunn av denne siste utsetjinga, kan statsråden opplysa kva tid ho tek sikte på ei endeleg avgjerd i denne saka?
Begrunnelse
U-864 inneheld om lag 65 tonn kvikksølv. Karakteristikken "tikkande miljøbombe" er ingen overdrivelse. Ei slik kvikksølvlast midt i det marine matfatet kan utvikla seg til ein katastrofe.
Difor er mange urolege, og mange ventar på ei avgjerd om heving av ubåtvraket. Dess lenger tida går, dess vanskelegare vert hevingsoperasjonen.
Ingen har noko imot at planane for heving vert kvalitetssikra så godt som mulig, men kvar gong det skjer ei utsetjing, så aukar tvilen hos mange om at det er reell vilje til å gjera noko med dette som er karakterisert som det mest forureinande vraket langs kysten.
Det er difor heilt på sin plass at statsråden no er tydeleg på kva tid ho tek sikte på endeleg avgjerd i denne saka.