Skriftlig spørsmål fra Bjørn Jacobsen (SV) til miljø- og utviklingsministeren

Dokument nr. 15:1308 (2007-2008)
Innlevert: 17.06.2008
Sendt: 18.06.2008
Besvart: 30.06.2008 av miljø- og utviklingsminister Erik Solheim

Bjørn Jacobsen (SV)

Spørsmål

Bjørn Jacobsen (SV): Kor står saka om verneplan for Smøla i dag og er det mulig å gå fleire rundar med kommunen og lokalsamfunnet for på den måten å få dei lokale inn i prosessen ein gong til for å sjå på om deira syn med aktivt vern kan komme meir inn i bildet igjen?

Begrunnelse

Smøla kommune har deltatt særs aktivt i arbeidet med verneplana for Smøla. Dei har leigd inn fagekspertise og hatt ulike folkeleg forankra grupper i sving med å få fram kva som er lokalsamfunnets alternativ til føreslåtte verneplan. Sett utanfrå ser det ut som kommunen har hatt særs gode prosessar for å komme fram til kva som er lokalsamfunnets syn. Spesielt har dei sett på tilhøvet mellom bruk og vern og framhalde at lokale krefter vil kunne spele ei viktig rolle her i staden for det ein kan sjå ein tendens til langs kysten at ressurssterke krefter kjøper opp eigedommar.

Erik Solheim (SV)

Svar

Erik Solheim: Arbeidet med verneplan for Smøla er nå i sluttfasen. Departementet har under arbeidet med saken vært i kontakt med kommunen ved flere anledninger, og de lokale innspill er blitt grundig vurdert.
Departementet har ennå ikke konkludert i saken og jeg er åpen for ytterligere samtaler med kommunen dersom dette er ønskelig.