Ingebrigt S. Sørfonn (KrF): Direktoratet for Naturforvaltning (DN) vil ikkje akseptera dyrking av genmodifisert mais i Norge. Samstundes vil DN opna for import av slik mais. Bioteknologinemnda og Naturvernforbundet åtvarer mot dette. KrF er sterkt kritisk til DN sitt vedtak. Me kan ikkje sjå at lova sitt tilleggskrav om samfunnsnytte og berekraft er ivareteke. Det har generelt vore betydeleg skepsis innad i regjerinsgpartia til ei slik utvikling.
Vil statsråden verkeleg for første gong opna for import av genmodifisert mais i Noreg?
Begrunnelse
DN sendte i går ut ei tilråding om å godkjenna import av to typer genmodifisert mais, sjølv om direktoratet ikkje ønskjer å opna for dyrking av desse maistypane i Noreg. Om Miljøverndepartementet stør DN si vurdering vil genmodifisert mat for første gong verta importert til Norge.
DN har heilt medvetent vald å ikkje leggja vekt på loven sitt krav om samfunnsnytte. Naturvernforbundet seier til Nationen 3. juni 2008 at DN si haldning er dobbeltmoralsk: "Man er redd for spredning av genmaisen til Norge, men bidrar til dyrking i andre land." Bioteknologinemnda seier i same oppslag at "Vi har sagt helt klart nei til import av disse to maistypene. Vi mener det strider mot to klare tilleggskrav i loven som omhandler samfunnsnytte og bærekraft".
Noreg har fått gjennomslag for at me sjølv kan avgjera kva genmodifiserte organismar som kan seljast og settjast ut i Norge. Me har dermed ein strengare godkjenningspraksis enn EU. Norske styresmakter vurderar import og dyrking av genmodifiserte organismer etter kriteria miljø, helse, etikk, samfunnsnytte og berekraft.